| Referat Februar 2007 |
|
|
|
| Skrive av Øystein Nerland | |
| torsdag 29. mars 2007 | |
|
REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE 13.02.06
Desse møtte: Øystein Nerland, Marvin Kopperstad, Olav Torvik, Synnøve Sørheller, Karete Johannesen, Ellinor Monsen, Sigbjørn Myren, Inger Vikene, Ingebjørg Sævik, Jens Terje Johnsen, Bodil Karin Kvalsund REFERATSAKER
SAKLISTE SAK 9/07 BUDSJETT Vi har ikkje fått noko tal å gå ut i frå enda, så saka må utsetjast til neste møte. Vi diskuterte litt kva som bør vere med i budsjettet, og var einige om at alt arbeid bør samlast i eit budsjett. Vi må og få ei oversikt over kva fond som er i kyrkja og kven som disponerer desse. Dersom det vert sponsa ymse ting bør dette kome fram i budsjettet som gåver, og kostnadane verte ført som utgifter for soknerådet. SAK 10/07 BØNNERING Vi gjekk gjennom Jens sitt forslag til ”bønnekort”. Vi bør ha med at vi må huske på å be for folket i bygdene våre. Kanskje kan det vere ein ide å fortsetje innleiingsbønna slik: ” Herre gjer din kyrkjelyd levande, og ta til med meg. Hjelp meg å vere Kristi brev så alle i Herøy får lære å kjenne deg”Vi må og ta med alle som forkynner Guds ord i bygdene våre, og bønn for samhald mellom truande. Elles var foldaren veldig flott. Jens arbeider vidare med denne. SAK 11/07ÅRSMØTE 2007. Årsmøtet er 18.mars kl. 17.00. Soknerådet møter kl. 15.30. Alle i soknerådet har for å skaffe ei rund kake, og eit smørbrødfat til årsmøtet. Det vert ein halv times program fyrst, så kaffi og årsmøte. Kvelden vert avslutta med ei nattverdsstund i kyrkja. SAK 12/07 FASTETID / AKSJON Innsamlingsaksjonen vert som før ved konfirmantane. Vi må tenkje på om vi vil gjere nok omeir ut av fastetida neste år. SAK 13/07 HEIMESIDE HERØY KYRKJE Vi har personar som vil sponse opprettinga av ei eiga side på internett, og vi har folk som kan tenkje seg å lage den. Ein vil bruke malen frå Kirken.no med tilpasse den lokale forhold. Det er enkelt å legge inn opplysningar og ein person bør ha ansvaret for at sida vert oppdatert. Då er det ynskjeleg at Bjørg tek den jobben sidan ho sit på alle opplysningar. Det er gratis å bruke malane innanfor Den Norske Kirke men å drifte den vil koste 4-5000,- i året. Dette er midlar som går frå fellesrådet si kasse. Soknerådet går inn for at arbeidet med heimeside kjem i gang så fort som råd, men vedkomande som skal lage sida bør ha ein kontaktperson her. SAK 14/07 MOBIL B og ungdarbeider Barne og ungdomsarbeidar får dekt mobilbruk for inntil kr. 1000,- i året SAK 15/07 EVENTUELT· Gruppa for afrikanske barn er på beina. Det er Yacob og Sedal som har teke ansvaret for denne. Foreløpig gjer di dette utan lønn. Det skal søkjast om trusopplæringsmidler. Dei møtest kvar laurdag i kyrkjelydssalen frå kl. 14 -16. Dei laurdagane det kolliderer med arrangement i kyrkja bør ein sjekke om ein kan få låne Fosnavåg bedehus. Kyrkjelydsskule for innvandrarar. Dette er eit veldig spennande arbeid, og vil nokon vere med så møte opp. Sjå annonse i avisa. Medarbeidersamtale med barne og ungdomsarbeidar. Etter eit halvt år ser ho at arbeidsoppgåvene er for mange, og ein prøver å løyse henne frå nokre av oppgåvene t.d. det med konfirmantane. Søndagsskulen manglar medhjelparar så er det nokon som veit om nokon så ta kontakt med Tone Utdeling av bøker til 3.klDet kom spørsmål om kva kateketen si rolle var i dette. Jens orienterte om at dei har delt fasane mellom seg. Kateketen tek 1. og 5. klasse medan prestane tek 3.klasse Korleis skal ein bruke ungdomsavdelinga?o Kan det leigast ut til mindre grupper?o Kan det brukast til bibelgrupper, pensjonistmøte, kirkeforeining o.s.v. o Vi utfordrar Beate og Tone til å kome med forslag til korleis dei ser for seg bruken av rommet og tek opp saka på neste møte. Nerlandsøy 14.02.07Bodil Karin Kvalsund-sekretær-
|
|
| Sist oppdatert ( søndag 15. juli 2007 ) |





