Du er her: Forsida arrow Sokneråd arrow Referat arrow Referat Februar 08
Referat Februar 08 PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
onsdag 12. mars 2008

Referat Februar 08

REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE19. FEBRUAR 2008

Monsen, Inger Vikene, Karete Johannesen, Synnøve Sørheller, Jens Terje Johnsen, Øystein Nerland. Tone Nerland og Marit Sævik Leinebø var med på delar av møtet. Referatsaker:

1. Ingen kommentarar til innkalling og referat

2. Infofalder frå Kirkens Nødhjelp angåande fasteaksjon 2008. I år skal inntektene gå til menneske som lever i skuggen av krig. Fasteaksjonen i Herøy vert tirsdag 11.mars. Beate treng litt hjelp til dette. Det skal vere soknerådsmøte denne dagen, og viss det er mulig slår vi i hop dette. Viss alle konfirmantane kunne kome tilbake til kyrkja med bøssene så kunne vi ha gitt dei pølse med brød og litt drikke. Øystein snakkar med Beate og avtaler korleis dette skal gjerast. Så sender han mail om opplegget.

3. Nytt om bibelen, infoskriv

4. Takk til diakoni

5. Takk for offer frå Misjon i øst, MF, Kirkens SOS og Tibetmisjon

6. Søknad frå Svein Eiksund, Eiksundsamklangen. Det har vore gløymt å søke sonerådet om leige av kyrkja p.g.a flytting av arrangementet. Konserten går av stabelen søndag 24.02 kl. 16.30.

7. Lovsongskveld med Iver Olaf Grimstad, Fellesprosjekt med Frikyrkja. Aktuell dato kan vere 12.april

8. Sjømannsmisjonskveld Palmesøndag kl 19. Det har kome ynskje frå Ole Dagfinn Sky om å ha ein sjømannsmisjonskveld i kyrkja. Sjømannsmisjonen styrer med programmet. Kollekta vert delt mellom kyrkje og sjømannsmisjonen. Jens har kontakta med dei.Soknerådet vil gjerne få til ein kyrkjekaffi i denne forbindelse og Bodil, Synnøve og Ellinor utfordrar foreiningane på Nerlandsøy, Berge og Kvalsvik til å stille med 3 skuffekaDesse møtte: Sissel Fjørtoft, Bodil K Kvalsund, Olav Torvik, Marvin Kopperstad, Ellinor ker kvar. Det praktiske rundt kaffien tek soknerådet seg av.

9. Konsert Ytre Suløen, Tricia Boutte 28.03 kl 19, billettpris kr. 200.-. Her deler vi inntektene 40/ 60. Vi betaler annonse og Tono avgift. Vi har inn ei samleannonse i avisene på Søre. Øystein prøver å få sponsor til i alle fall 2 annonser. Det vert forhåndssal på Vestvang, Bodil ordnar billettar. Eit eventuelt overskot deler vi mellom ungdomsarbeidet og NMS

10.Info frå Diakonisenter, levert til Inger.

11. Julekonsert med Lotterud desember 2008. Kjem tilbake med meir detaljer seinare.

12. Årsmøte/ kyrkjelydsfest er 9.mars kl.17. Komiteen jobbar med programmet. Kvart soknerådsmedlem sørger for ei kake og eit smørbrødfat. Soknerådet møter opp kl.16.00

13. Info frå Sportskapellet på Bondalseidet

14. Nyheitsbrev frå trusopplæringreform

15. Info om prosjektet Jens jobbar med om Gudsteneste/medverknad. Det vert kurs med Ingemar Torim fyrstkomande helg. Jens ordnar med mat til fredagskvelden. Nokre av soknerådet møter halv 6 og lager til bord m.m. Ein håper at det vert fleire påmeldingar i løpet av veka.

16. Ny sokneprest Indre er tilsett, men har ikkje svart ennå.

17. Representant frå kyrkja til frivillighetssentralen: Lindis Kvalsund Myklebust stiller vidare.

 

SAKLISTE

SAK 8/08 Budsjett 2008 Budsjettet må endrast litt. Vi har t.d. ikkje utgifter på heimesida vår og konfirmantkontigenten er underbudsjettert. Vi diskuterte litt det med kor mykje offer vi treng til ungdomsarbeidet no når kommunen går inn med kr. 100.000,- pr. år. Vi fann ut at sidan vi har lite fast givarteneste lyt offeret stå som det er inntil vidare. Samstundes ber vi kirkeforeininga om å støtte ungdomsarbeidet med kr .50.000,- pr. år. Vi ber administrasjonen om å sende brev til kirkeforeininga v/ Torunn Nerem om dette. Øystein tek opp vidare budsjett med Arnfinn.

SAK 9/08 Kulturkort for ungdomPrøveprosjekt fram til sommaren der ein gir ungdom mellom 16 og 20 år, 25 % på alle kulturarrangement. Rabatten vi gir får vi refundert frå Herøy kommune. Dette gjeld på konserter som soknerådet arrangerer.Vedtak: Vi vert med på prøveprosjektet, og syter for å søkje refusjon frå kommunen.

SAK 10/08 Møre bispedømme 25 år, utdeling av bok til 40 åringar?Møre Bispedømmeråd kjem med førespurnad om vi vil bestille inn x antall bøker, som ein eventuelt kan dele ut til dei som var konfirmert då bispedømme var stifta for 25 år sidan. Dei kjem med forslag om å intervjue 15-20 personar som var konfirmert dette året, lage bok, og dele ut til dei for å knytte desse nærmare kyrkjelyden. Pris ca 150 kr pr bok.Vedtak: Soknerådet synest dette er eit kostbart prosjekt og ynskjer ikkje å ta del. Men vi tek med oss ideen.

SAK 11/08 Leige av kyrkje Julenattine 13.12.08Herøyhorn søkjer på nytt om leiga av kyrkja til Julenattine 13.12.08Vedtak: Herøyhorn får leige kyrkja innanfor vanlege normer for utleige

SAK 12/O8 Barne og ungdomsarbeiderstilling, utlysingSidan vi no får støtte frå Herøy kommune i alle fall i ein 4 års periode tek vi sjansen på å lyse ut ei fast stilling som Barne og Ungdomsarbeidar i Herøy kyrkje. Soknerådet vert fortsatt arbeidsgivar. Vi såg på eit par forslag til utlysingstekst og Øystein, Tone og Marit jobbar vidare med dette. Øystein mailer over forslaget når det er klart. Annonsen bør ut så snart som råd.

SAK 13/08 Leige av kyrkje Tone orienterte om ting som hadde skjedd i forbindelse med fredagstreffet når kyrkja hadde vore utleigt til andre. I forbindelse med utleige av kyrkja må vi vere klare på kva avtaler som er gjort. Soknerådet tek orienteringa til etterretning

SAK 14/08 Kyrkjekalender 2008Gjekk ut grunna mangel på tid

Sak 15/08 Homofili, korleis kjem ein fram til 2 syn i Kyrkja?Det var innlegg om begge syna, og vi diskuterte litt ut i frå det. Nerlandsøy 24.02.08

Bodil Karin Kvalsund-sekretær-

 

Sist oppdatert ( torsdag 13. mars 2008 )