REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE
Tirsdag 17.02.09
Desse møtte:
Sissel Fjørtoft, Bodil K Kvalsund, Sigbjørn Myren, Olav Torvik, Marvin
Kopperstad, Inger Vikene, Karete Johannesen, Ingebjørg Sævik, Øystein Nerland, Jens Terje
Johnsen.
Referatsaker:
- Innkallinga grei, der vart
gjort nokre små endringar i referatet
- Det kan verte aktuelt med eit
ekstra soknerådsmøte i mai for å godkjenne alternative vallister
- Kyrkjebasar 14.03.09 frå kl.
13.
- Nytt frå Bispekontoret –
rundskriv som gjeld kvartalsrapportar og kartverk over soknegrenser
- Forslag til leke medlemmer
Bispedømmerådet (BDR) – Vi foreslår Eldar Husøy og Ottar Berge
- Anne Strand Kiperberg er valt
inn i nominasjonskomite BDR, Ottar Berge 1 vara
- Evaluering bokpresentasjon
15.02.09 – Det fungerte greitt, og det såg ut som om folk likte det. Det
vart og selt nokre eksemplar, bøkene vert og å få kjøpt på Vestvang i
etterkant. Vi bør satse på å presentere eit breitt spekter av bøker.
Kanskje er det ein ide å presentere ein del barnebøker på ei familiegudsteneste
og ungdomsbøker i forbindelse med konfirmasjonen og liknande. Ein vil
prøve å ha noko slikt i alle fall to gongar i halvåret. Vi diskuterte litt
om soknerådet skulle kjøpe inn eit eksemplar av kvar bok til utlån, men vi
kjem tilbake til det etter kvart.
- Fasteaksjon 31.03.09 – I år er dette ein
klimaaksjon. Konfirmantane samlast i kyrkja for å sjå ein aksjonsfilm før
dei vert sendt ut. Beate treng hjelp frå soknerådet. Ho ville ha litt
hjelp til det med rodene, men soknerådet påpeika i fjor at ho måtte ta
vare på rodne slik at ho hadde sitt eige kartotek over dette. Viss dette
ikkje vart gjort så foreslår vi at Beate tek kontakt med Magnus Myklebust
for å få hjelp til dette. Når det
gjeld tid for utsending bør ikkje dette vere før kl. 17.30 i alle
fall. Soknerådet er villig til å
vere med på den praktiske biten. Vi flytter neste soknerådsmøtet til
tysdag 31.03.09.
- Fredagstreffet har fått
fondstøtte frå Sparebank 1. Kor mykje er uklart, det kan vere mellom 10 og
100.000,- kr. Tone, Birgitta og Christian skal til Molde å få det utdelt.
- Utstilling av alterdukar
Herøy Kyrkje 03.03 kl 13-18. Dette er same dag som det er eldrefest, men
vi regnar med at administrasjonen har tenkt på korleis ein løyser dette.
- Takk for offer, Misjon utan
grenser
SAKLISTE
SAK
06/09 Budsjett 2009.
Regneskapet
for 2008 kom ut med eit overskot på kr. 174.000,-. Vi såg på budsjettet for
2009 og har desse kommentarane:
- Kvifor er det sett opp so
mykje til kostnader kyrkje når tala frå i fjor er på kr.3000,-
- Vi vil også endre kostnadane heimeside
til kr. 5.000,-
- Kva ligg i posten ”anna
materiell” under dåpsopplæring og konfirmantarbeid? Kvifor er ikkje desse
brukt i regneskapet? Er det noko som heng igjen frå tidlegare?
- Har vi so mykje i fast
gjevarteneste til ungdomsarbeidet?
- Posten andre driftsutgifter i
ungdomsarbeidet bør justerast opp til kr. 20.000,- Det vi vil mangle for å
kome i balanse kan leggast på offer til same sak.
- Overskotet ungdomsarbeid må
reserverast fond ungdomsarbeid.
- Soknerådet ynskjer ei
oversikt over kva type fond som er, og kor mykje som står på desse, dette
bør fylgje regnskapet.
Soknerådet diskuterte om det var på tide å
skifte på kva borna får på dåpsdagen. Kunne det vere aktuelt med ein CD med
kristne barnesongar t.d. Kanskje kunne vi henvende oss til kyrkjeforeininga å
høyre om dei kunne tenkje seg å sponse det i staden for eit bilete. Dette tek
vi med på saklista for møtet i mars.
SAK
07/09 Val 2009-2011
Valnemnda
har to forslag til korleis vi skal avvikle valet.
1: Herøy
kyrkje: Etter gudstenesta 13.09, samt
mandag 14.09 12-18 på kyrkjetorg
2. I
krinsane, totalt 10 stk. Vi lyt då framskaffe min 30 vakter,
valurner/valfasiliteter,etc
Soknerådet
diskuterte dette og motførestillingane til å ha det ut i krinsane var store.
Det vert eit stort apparat å setje i gong, og vi er usikker på om det vil koste
meir enn det smakar.
Soknerådet
stemte over saka og mot ei stemme vart det vedteke at Soknerådsvalet 2009
vert avvikla i Herøy kyrkje 13. og 14. september.
Vi har laga
eit enkelt skriv som vi sender ut til aktuelle kandidatar og ringer dei ca ei
veke etter dette. Ringerunda tek valnemnda seg av. Vi satsar på å ha
nominasjonslista klar i løpet av april.
Valnemnda
hadde sett opp nokre namn til aktuelle kandidatar, og vi føya på litt fleire.
SAK
08/09 Årsmelding 2008
Vi gjekk
gjennom årsmeldinga, og soknerådet hadde ingenting å tilføye. Årsmøtet vert
søndag 22.mars kl.17. Vi har litt program fyrst, matøkt og årsmøte. Stunda vert
avslutta i kyrkja med ei lita andakt. Jens og Terje tek seg av den delen. Når
det gjeld mat så tek kvar soknerådsmedlem med seg ei kake og eit smørbrødfat.
SAK
09/09 Stolar til kyrkjelydsal
Tanken er
at stolane som no er i kyrkjelydssalen skal flyttast inni kapellet når det står
ferdig. Vi treng ca. 100 stolar i kyrkjelydssalen.
Fyrste
kravet er at det bør kjøpast inn stolar med større komfort eller dei vi har i
dag. Dei må også kunne brukast i lag med dei andre stolane.
Stolane
bør også lett kunne stablast og vere lette å handtere. Soknerådet ber
utsmykkingsnemnda kome med forslag og skaffe til veie prøve av ulike stolar. Dei
bør prøvast ut i ei periode før ein tek bestemmelsen. Det bør og takast kontakt
med ergoterapeut i kommuna som gir sin uttale når vi har fått prøvene.
Soknerådet har siste ordet i saka.
SAK
10/09 Eventuelt
- Bibelkveldane i kyrkja:
- 17.mars – Sissel og Inger er
vertskap
- 24.mars – Øystein og Olav er
vertskap
- 2.april –
- Søndagsskule i kyrkja
- Det er trasig at ikkje vi
skal få dette til. Soknerådet ber Birgitta om å sjå om ho kan få ein del
folk til å ha søndagsskule . Når ho har fått folk så vert desse kalla inn
til ei lita samling i kyrkja. Nokre har allereie sagt seg villige til ein
gong i blant, og får ein mellom 5 og 10 stk på lista så bør det kunne
realiserast.
Nerlandsøy
22.02.09
Bodil
Karin Kvalsund
-sekretær-