Du er her: Forsida arrow Sokneråd arrow Referat arrow Referat August
Referat August PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
mandag 01. oktober 2007

Referat August 07

REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJETYSDAG 28.08.07 

Desse møtte: Sissel Fjørtoft, Bodil K Kvalsund, Sigbjørn Myren, Olav Torvik, Marvin Kopperstad, Ellinor Monsen, Inger Vikene, Karete Johannesen, Synnøve Sørheller, Jack Remøy, Øystein Nerland 

Referatsaker:

1. Ingen kommentar til innkalling, referat

2. Opa kyrkje i sommar- dørene har ikkje vorte opna kvar dag, men der står plakat om kvar dei skal henvende seg og folk har vore flinke å henvende seg på kyrkjekontoret.

3. Neste ut på tur vert til Golleneset søndag 02.09

4. Jan Lotterud konsert 28.09 kl. 20.00. Tolvtetten vert også med. Etter konserten vert det sal av kaffi og kaker. Ellinor, Synnøve, Sissel, Tone og Inger lager skuffekake.Soknerådet har ansvar for billettsal. Øystein, Jack og Bodil har ansvar for det. Det er fredagstreff samtidig og dei kan ev. kome opp viss dei vil.

5. Kapell orientering – PLBN har hatt eit møte, men i ferien har ikkje det skjedd noko. Det skal vere eit møte med interiørarkitekt i løpet av veka.

6. Konsert Eivind Skeie 20.09. Dette er eit arrangement der overskotet går til NMS. Det vart delt ut plakatar som skal hengast opp, litt for få så det vert bestilt fleire. Soknerådet har ansvar for konserten og ein regnar med alle som kan stiller opp. Det skal også vere sal av kaker etter konserten. Desse baker: Karete, Øystein, Olav, Jack, Inger, Ellinor, Synnøve og Marvin

7. Informasjon frå NMS, blindeskule, vennskap over grenser, dåpspakke

8. Kurs, kirkeleg demokrati og valgordning 20-21.09.07.    Viss det er mulig å få tak i giroar som gjeld prosjektet til Johanne og Bjørn hadde det vore litt lurt.

9. Fasteaksjon 2008: 11.03. Lufta tanken om å ha ei temahelg i forkant av aksjonen. Jens jobber vidare med å få folk til dette.

10. Avskil i nåde, Ole Brubakk. Han sluttar 1.desember og det vert avskjedsgudsteneste 25.november. Soknerådet vil arrangerer ei samling etter denne gudstenesta. Dette planlegg vi meir seinare. Angåande vidare utlysing av stillinga vert det eit møte med representantar frå Bispedømmekontoret torsdag 13.september frå kl. 18 – 21. Det vert eit fellesmøte med alle 3 sokneråda.

11. Arrangement hausten 2007, Møre Bispedømme            -Gudstenesteverkstad i Ulsteinvik 20.september            -Fagdager i Ørskog            -Ledertreningskurs

12. Oppnevning av fast vikar for Prost. For søre Sunnmøre Prosti: Sokneprest Ruth Glæstad

13. Barnekrok- Til tider er det litt problem med støy. Det fyrste ein må gjere er å ta vekk leiker som bråker. Deretter må ein gjere foreldre / dåpsfolk merksame på at det er veldig lytt. Det har også vore lufta om det går an å ha glasveggar som er lydtette, men ingen konklusjon.

14. Søknadskjema for utleige av Herøy Kyrkje – er ikkje utarbeidd endå, håper det kan skje raskt

15. Offersøknader frå Herøy Søndagskule, samt årets TV aksjon. Det vart gjort eit vedtak om at Tv- aksjonen alltid får offer den dagen. Herøy Søndagsskule får også det dei har søkt om.

16. Tilskudd til istandsetjing av kyrkjer – gjeld gamle kyrkjer

17. Leiartreningskurs for ungdom 

 

 SAKLISTE 

SAK 38/07 Barne og ungdomsarbeider.

Tone H Nerland er no ferdig med fyrste året sitt som barne og ungdomsarbeider. Når det gjeld arbeidet siste året har det skjedd mykje positivt.              Fredagstreffet:Det har vore eit godt år med lite bråk og tull. Før jul var der eit snitt på             30 stk kvar kveld. Så kom oppussinga, og det gjekk veldig fint grunna mykje hjelp.             Der var sponsorinntekter på kr. 101.675,- og det vart brukt 95.927,- Etter oppussinga var der eit gjennomsnitt på 40 stk kvar kveld. Ungdomen føler seg trygge og det at der er vaksne tilstades er eit pluss med fredagstreffet kontra fritidsklubben. Det har også vorte flotte lokale som er tenlege til formålet, og det er gratis inngang. Det viser seg at reklame/annonsering har lite å seie. Det er ryktebørsen mellom ungdomane som er viktigast. Det skal vere eit tilbud med kristen profil, og etterkvart er det også veldig få som går ut når det er andakt. Det som kan vere vanskelig er å få med seg vaksne, og det tek mykje tid å organisere. Så har nokon tips til korleis ein kan gjere dette lettare er det berre å kontakte Tone. Det som er sikkert er at Fredagstreffet har hatt ei flott utvikling og Tone har gjort ein flott jobb. Tone og ettåringen i Frikyrkja har snakka om å prøve å få til eit tilbod på laurdagen for dei frå 10. klasse og oppover. Då vil dei prøve å arrangere nattkafè frå kl. 21 -01.00. Enkelte laurdagar kan kanskje ungdomen nytta lokala åleine også. Ho har også eit ynskje om å få til eit Mini Fredagstreff med aldersgruppa 5 – 7. klasse. T.d ein gong pr. månad. Då kunne det vere frå 18 – 20 og med hjelp frå dei eldste i Fredagstreffet.Samarbeid er også viktig slik at ein ikkje ”slåst” om ungdomane.  Ten – Sing: For tida står dei utan både dirigent og band så det er usikkert kva som    skjer framover. Søndagsskule: Fungerte bra i starten, men mangla folk etter jul så det vart meir sporadisk. Ein prøver på nytt igjen no med enklare opplegg, og har fått med litt meir folk. Stillinga vidare: Dette er ei prosjektstilling over 2 år og Tone tenkjer å gi seg når perioda er over. Det er i alle fall ein fordel med ein fast vaksen som ungdomane kjenner. Kanskje vi bør jobbe for å få midlar til ei fast stilling, då må ein definere stillinga og jobbe opp mot politikarane ev. Soknerådet må lage sak på dette til fellesrådet så vi tek det opp igjen på neste møte. Det kunne også vere ein ide å invitere politikarane til eit fredagstreff slik at dei får sjå korleis dei har det for ein opplever at kirka ikkje vert sett på som ein aktør i ungdomsarbeidet. Det kom også opp ein ide med ettåring, men då må der vere vaksne i tillegg.  Det uinnredde lokalet i kjelleren, kva med det?Soknerådet set opp ein komite som jobber vidare med saka. Då vel fredagstreffet 3 representantar og Øystein og Marvin representerer soknerådet. 

 

SAK 39/07  DIAKONIUTVALDette er no retta mest mot dei eldre. Dei har andakt på sjukeheim og aldersheim ein gong i månaden. Her treng dei fleire som kan halde andakt. Der er også ei gruppe som syng og dei har plass til fleire. Dei arrangerer eldretur, er med på kirkedag for psykisk utviklingshemma m.m.Inger hadde ein del idear til vidare arbeid: Kva med samarbeid kirke, pleie og omsorg, badeland m.m om aktivitetsdagar på tvers av aldersgrensene. Kva med å engasjere ungdommar, besøksteneste, kva med å arrangere busstur Herøy rundt med innlagt kaffipause, ta med folk på tur med innlagt pause i kyrkja, hente rullestolbrukarar t.d, ta dei med på lunsj på kafè, hurtigrutetur til bya…. Muligheitene er mange det er berre å få folk med seg. Kva med å arrangere ei Livsglede veke t.d ? Dette var mykje gode idear som er verdt å jobbe vidare med. Vedtak: Synnøve Sørheller vart valt inn som fast medlem i diakoniutvalet. 

SAK 40/07  Haustreff 2008, søknad om støtteHaustreff er eit samarbeidsprosjekt med ungdomsgruppa i Herøy Frikyrkje, Herøy Kyrkje, KRIK- Herøy og Sion Gurskøy. Felles fotball, volleyball-turnering og ungdomskveld/gospelnight laurdagskvelden.Vedtak: Hausttreff får støtte frå soknerådet på kr. 1000,- 

 SAK 41/07 EVENTUELT 

  • Brev frå Ingrid Warholm angåande kyrkjespirane. Ho trappar ned p.g.a mangel på hjelp. Ho har gjort eit flott arbeid og soknerådet takkar for den innsatsen ho har lagt ned. Vi kan prøve å utfordre folk som kan tenke seg å ta i eit tak.
  • Uteområdet – Kyrkjeverja har motteke eit utkast frå ein landskapsarkitekt i Ulsteinvik. Det er eit spennade prosjekt oppbygd med små rom, men eit dyrt anlegg. Det er bygd opp rundt lauvtre slik at ein får fargespel gjennom heile sesongen. Elles ein del skifer, singel, prydgras og botnplanting.
 Nerlandsøy 02.09.07Bodil Karin Kvalsund-sekretær-

 

Sist oppdatert ( mandag 01. oktober 2007 )