REFERAT
FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE 18.08.09
Desse møtte: Sissel
Fjørtoft,
Bodil K. Kvalsund, Olav Torvik, Marvin
Kopperstad,
Ellinor Monsen, Inger Vikene, Karete Johannesen, Synnøve
Sørheller, Jack Remøy, Jens Terje Johnsen, Øystein
Nerland
Referatsaker:
- Ingen kommentar til
innkalling og referat
- Tur til Flåvær, Lanternen går
i frå Lanternen, påmelding seinast kl.12 fredag.
- Prosjekt alterduk – hefte ligg
på kyrkjekontoret
- Møtedagar haust 09.
Sokneråd: 18.08, 14.09, 22.09,
27.10 Au tirsdagen før.
27.10 vert fellesmøte med det nye soknerådet.
- Info frå bispedømmerådet –
seminar dans-teater i kyrkja, prosjekt alterduk
- Info frå NMS – Ny folder om
misjonsprosjektet vårt. Legg dei ut på torget. Soknerådet vil gjerne at
Bjørg bestiller fleire. Nms har
regionsstemne 29.august, dei har og starta ei vervekampanje for å få
fleire faste givarar.
- Overføring av gudsteneste på
sjukeheimen Kyrkjeverja jobber for
å få til dette.
- Tv aksjonen 18.oktober 2009
går til Care Norge. Temaet er omsorg for kvinner i den tredje verden. Det
vert jobba med dette temaet opp i mot 5.klassingane på førehand. Offeret
den dagen går til aksjonen.
SAKLISTE
SAK 31/09 Soknerådsval 2009, praktisk
gjennomføring
Søndag
13.september kl. 12.30 – 14.00: Vi må sikkert ha to stemmelokale, derfor treng
vi meir folk. Så i tillegg til Øystein, Olav og Bodil stiller Jack, Ellinor og
Sissel. Ein må informere skikkelig om val og reglar etter gudstenesta.
Mandag
14.september har kontoret ansvaret fram til kl.16. Då tek Inger, Karete og
Synnøve over.
Oppteljing
mandag 14.september kl.18.30- då møter alle i soknerådet.
Øystein sjekkar
ut med Marit angåande regler rundt valet.
SAK 32/09 Søknad om leige, Jesus Christ Superstar
10.04.10
Herøy
Janitsjar søkjer om å leige kyrkja til framføring av stykket Jesus Christ Superstar.
Dei hadde denne oppsetjinga i 2001 også. Opplegget den gongen vart endra litt
etter ynskje frå Jens, og det vart antyda ein oppstandelse etter korsfestinga.
Det var fokus på Jesus som hyrde.
Musikalen
sluttar eigentlig med korsfestinga, men i den kristne trua er ikkje dette
slutten. Derfor synest soknerådet at der bør kome nok meir slik at også
oppstandelsen vert belyst.
Soknerådet
gjorde dette vedtaket:
Herøy janitsjar får leige kyrkja til Jesus
Christ Superstar under føresetnad av at det vert
halde ein epilog av kyrkja, der ordet om oppstandelsen vert tydeliggjort.
Leige vert å betale etter vanlege
takstar.
SAK 33/09 Søknad om leige, Bergsøy Blandakor
20.12.09
Bergsøy
blandakor søkjer om å leige kyrkja til julekonsert 20.des 2009
Vedtak:
Søknaden er innvilga innanfor vanlege normer for utleige
SAK 34/09 Eventuelt
- Heimesideredaktør: Honorar kr. 2.500,- i halvåret.
- Valkort- på enkelte av
valkorta er der trykt på feil vallokale. Dette må skrivast om i avisa, og
vi regnar med kyrkjeverja tek tak i dette.
- Kyrkjeveke 2009. 14 –
20.september
- Mandag 14: Prøve å få dei som
arrangerer småbarnstreff til å gjere noko
ekstra ut av det
- Tirsdag 15: Eldretur
- Onsdag 16: Kyrkjekoret inviterer
til open kveld
- Torsdag 17: Opning av kapellet der
ein tek i bruk orgelet.
- Fredag 18: Kveld for unge og eldre
– presentasjon av arbeidet i kyrkjelyden, bevertning, andakt m.m. Dersom nokon har eit godt navn til
arrangementet så er komiteen open for forslag. Det kom forslag til motto
for kvelden: ” Smak og sjå at Herren er god”
- Laurdag 19: Open kyrkje, laurdagstorg
med orgelkonsert v/ Terje
- Søndag 20: Gudsteneste for psykisk
utviklingshemma
Salmekveld i Indre Herøy kyrkje
Ut på tur
Det er viktig med pr for denne veka både i
avis og på nett. Snakka også om å lage ein folder som ein kan dele ut.
- Offerliste haust 2009 – Jack
og Karete ser på dette til neste møte. Fram til då vert det ofra slik:
-
- 30.august: Ungdomsarbeidet
- 6.september: Indre Sjømannsmisjon
- 13.september – Jack og
Karete avgjer dette
- Det burde ha vore ordna rundt
kyrkja før hausten, spesielt gjeld det området nedom kyrkja. Der er mykje
høymole og ugras som er skjemmande. Kven har ansvaret for at dette vert
gjort? Soknerådet ber om at kyrkjeverja tek tak i saka, og får dette gjort
i løpet av kort tid. Kanskje kunne dette vore ein ting som ein såg i
samanheng med dei som slår på kirkegardane.
- Kyrkjevertar sommaren: Ein
bør sette opp liste med kyrkjevertar i juli også. Då er det ofte ein del
besøkande innom og då er det viktig at dei vert ynskt velkomen.
- Sak på neste soknerådsmøte:
Oppsummering av soknerådsperioda.
Nerlandsøy
23.08.09
Bodil
Karin Kvalsund
-sekretær-