Du er her: Forsida arrow Sokneråd arrow Referat arrow Referat August 08
Referat August 08 PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
lørdag 18. oktober 2008

Referat aug 08

 

REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE

Tysdag 26.08.08

 

Desse møtte: Sissel Fjørtoft, Bodil K Kvalsund, Sigbjørn Myren, Marvin Kopperstad, Ellinor Monsen, Inger Vikene, Karete Johannesen, Jack Remøy. Øystein Nerland, Jens Terje Johnsen

 

REFERATSAKER

  1. Ingen kommentar til innkalling, referat
  2. Forslagskasse – det går greitt å utforme denne i gran, så då gir Jack beskjed om at det er berre å sette i gang.
  3. TV aksjon 19.10.08 går til Blå Kors. Det må huskast på i offerlista
  4. Bok om sorg, sorgprosess, Mine dager er som gresset – brosjyre frå Portal forlag. Det har kome idear om at ein av og til kan ha eit bord med oppbyggande litteratur på kirketorget. Soknerådet er positive til ideen, kanskje ein kan utfordre nokon til å presentere nokre bøker ein gong i månaden ca.
  5. Diakoninytt 01.08 levert til Inger
  6. Preikeliste, - kyrkjekalenderen vart utdelt. Den vert trykt i Vestlandsnytt der soknerådet betaler 1/3 og sponsorar 2/3
  7. Informasjon om lønnsplassering ungdomsarbeidar. For å betale for ungdomsarbeidarane i eit år treng vi kr. 189.000,- Soknerådet må skaffe til veie 90.000,-. Soknerådet har bedt kyrkjeforeninga om kr. 50.000,- Karete sjekkar om der er overført pengar inneverande år, og om der er sendt formell søknad. Viss ikkje det har vorte gjort gjer Øystein det.
  8. Takk frå Normisjon for offer
  9. Ungdomsbibel- Audun skal levere Bibelen til Jens så han får sjå på den. Kjem tilbake til det på neste møte.
  10. Info frå KIA
  11. Offerliste for haust 08, Karete og Jack set opp til neste møte
  12. Kan det vere ein ide å lage eit postkort med bilde av kyrkja? Slik soknerådet ser det vil markedet vere lite og kostnaden for stor, så det må i så tilfelle vere noko andre tek seg av .
  13. Søknad frå Herøy søndagskulelag ang ofring vert behandla av Jack og Karete når dei ser på offerlista
  14. Utleige av kyrkja haust 08, Kalender delt ut.
  15. Høyring, styrka demokrati i den norske Kyrkja – finst for den som ynskjer å lese. Kort tidsfrist gjer at vi ikkje rekk å ta den opp.
  16. Ut på tur, 24.08, 31.08, 07.09. Tips: Utegudsteneste på Flåvær neste år, kanskje som eit tillegg til Kvia.
  17. Presentasjon av dei nye ungdomsarbeidarane og takk til Tone H Nerland på gudstenesta 14.september. Olav takker for soknerådet. Jack sjekkar om ungdomane også har lyst til å takke henne.

 

 

 

 

 

SAKLISTE

 

SAK 33/08 Diakoniplan Herøy Kyrkje

Der er komt ut ny diakoniplan og grunnlaget for planen er  evangeliet i handling. Det går på nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd. Diakoni er ei oppgåve for heile kyrkjelyden, det er både å være og å gjere, prega av miskunn, vilje til å stille oss til disposisjon.

Kva gjer vi i forhold til den nye planen? Vi må sjå på den etter møtet på Kjeldsund tysdag 23.september. Invitasjonen til dette møtet bør gå til stab, sokneråd, diakoniutval og kirkevertar.

 

I denne forbindelse lufta vi også ideen om overføring av gudstenestene til alders og sjukeheimane. Er det noko ein kunne søkje om prosjektmidlar til t.d.

 

SAK 34/08 Vigsel av homofile

Jens har vore i media denne sommaren angåande vigsel av homofile. Jens redegjorde for prosessen. Saka kom litt uheldig ut i media. Men saka er at pr. i dag er det ikkje ordningar i kyrkja for vigsle av homofile, så det vil ikkje vere aktuelt i Herøy kyrkje så lenge stoda er slik.

 

Mange lurer på kva som skjer i kyrkja vår. Der er nokre som får litt problem i forhold til om dei vert tvinga på eit syn som dei ikkje står for. Soknerådet vel derfor å arrangere eit soknemøte der vi let begge syn i kyrkja kome fram.

 

SAK 35/08 Eventuelt

  • Mangfaldsveke 22.-28.september. Kva gjer kyrkja med det? Den vert starta med gudsteneste for psykisk utviklingshemma og avslutta med søndagsskolens dag.
  • Søknad frå Eiksundsamklangen om leige av kyrkja 9.mars 2009.
    • Vedtak: Dei får leige kyrkja innanfor vanlege normer for leige
  • Diakoniutvalet har fått kr. 5.000,- frå Sparebanken Møre
  • Takk frå Misjon i Øst
  • Kapell – Start 1.oktober. Litt over budsjettramma.
  • Tv-aksjonen – Bank på til Blå Kors. Kanskje vi kan ha eit lokalt arrangement i veka før aksjonen. Jens jobbar vidare med dette. Der er også laga eit opplegg i tilknyting til aksjonen, kanskje det kunne vere ein ide å presentere det for konfirmantane.
  • Kyrkjestova – draumen er å få møbler slik at det kan verte likt ei stove. Kyrkjeforeininga har byrja innsamlinga av pengar.
  • Ny tekstrekke- Dei nye tekstrekkene gir ei litt anna samanheng i kyrkjeåret. Der er også ei bibelforteljing for kvar søndag i tilfelle ein har familiegudsteneste. Det Gamle Testamentet er og meir brukt. Ein håper med dette å skape meir nysgjerrigheit på Bibelen. Sokneråda på Søre Sunnmøre vil verte utfordra på om det er greitt at dei nye tekstrekkene vert prøvd ut 2 år før dei vert innført, frå og med 1.søndag i advent inneverande år. Herøy sokneråd er positiv til ideen.
  • Kyrkja i sommar Herøy, kan vi klare å ha eit opplegg i sommaren 2009? Med små konsertar t.d.?

 

Nerlandsøy 31.08.08

Bodil Karin Kvalsund

-sekretær-