Du er her: Forsida arrow Sokneråd arrow Referat årsmøte 09
Referat årsmøte 09 PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
søndag 10. mai 2009

Referat årsmøte 09

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I HERØY SOKN

22.MARS 2009

 

 

ÅRSMELDING FOR HERØY SOKNERÅD – 2008

 

Vi har hatt 10 soknerådsmøte i 2008 og behandla 51 saker, 119 referatsaker

Dette er noko av det vi har jobba med:

n      Behandla 6 søknader om leige av kyrkja

n      Plan offerliste

n      Ny prest Indre Herøy

n      Homofili, 2 syn i kyrkja: møte i sokneråd, samt ope møte aug 08

n      Strikkekafe – er no nedlagt p.g.a lite oppmøte

n      Herøy Kyrkje ut på tur

n      Budsjett og kvartalsrapporter

n      Opa sommarkyrkje

n      Opplæring lydanlegg

n      Gått gjennom diakoniplan

n      Fellesprosjekt Frikyrkja, lovsongskveld

n      Sjømannsmisjonskveld, Ytre Suløen konsert for NMS

n      Vyar, visjonar for ungdomsarbeid, Herøy kyrkje

n      Statuttar for FT

n      Kyrkjekalender, distribuert i Vestlandsnytt

n      Bruk av kjeller som skatehall, vidare planer for kyrkjekjeller

n      Bokpresentasjon på torget etter gudsteneste – nytt av året. Dersom nokon har ei god bok dei vil presentere er dei velkomne til det.

n      Bibelkveld i kyrkjestova

n      Ungdomspalte på kyrkjesida

n      Prosedyre, soknerådet si rolle ved kriser/asyl

n      Pynting av kyrkja

n      Tilsatt 2 ungdomsarbeiderar, Birgitta Skorpen og Audun Høydal

n      Gjennomgang konfirmantopplegg med kateket

n      Ny tekstrekke – dette er innført som ei prøve.

n      Prosjektgruppe for gudstenester

n      Diakonikurs og evaluering Diakoniplan

n      Tv aksjon, Blå kors

 

Lyden er vorte betre, men der er framleis ein del å gå på. Folk må ikkje prate for fort. Teleslynga ser ut til å fungere bra.

 

Hausten 2009 vart kyrkjekalenderen distribuert i Vestlandsnytt. Dette kan ein godt gjere, men størrelsen bør kanskje diskuterast.

 

 

 

 

 

 

 

 

STATISTIKK

 

·        Innmelde/utmelde: 2008: 6/6;  07: 6/2 ; 06: 24/6; -05:3/2

·        Døpte/konfirmerte: 2008: 87/75;  -07: 79/56;-06: 67/75; -05:78/78

·        Vigsler: 2008: 13; 2007:16; 2006:12; 2005:18

·        Antal gudstenester:2008:69; Besøkande: 13 282;  2007: 67,  Besøk: 14000

·        0ffer: 2008: 256400 ; -07: 313430; -06: 240 584; -05:289 462

·        Giverteneste:2008: 46 800; 2007: 32 200, 2006: 42 000

·        Anna 2008: 80 000; 2007: 82 485; 2006: 124 000; 2005:139 532

·        Totalt: 2008: 383 200 (220 712); 2007: 428 214(309 967);  2006: 406584(203 925); 2005: 476 000 (282 000)

 

REGNSKAP / BUDSJETT

 

Regnskapet viser eit overskot på kr. 190.000,-. Grunnen til dette er fleire ting.

·        Det skjedde ei omlegging av innkrevjing av konfirmantkontigent. Tidlegare vart den kravd inn på våren, no er det på hausten. Det vil seie at der er ført dobbel kontingent for 2008.

·        Ein rydda opp i ein del utgifter som var feilført i 2007. Dette var utgifter som fellesrådet skulle betale. Det vart då ført kr. 12.000,- som inntekt i 2008.

 

Balanse

  • Der er ein del fond som står urørt
  • Ny kyrkje med renteinntekter er ein stor post – dette er midlar som er innsamla i byggetida, og skal gå til kapell og uteområde. Ein stor del av dette er no brukt til kapellet.
  • Vi har ein fri eigenkapital på kr. 465.000,-

 

Kommentarar:

·        Ein bør ha meir ofringar til andre enn oss sjølve.

o       Soknerådet jobbar med saka. Ofringane vert sett opp for eit halvt år om gongen, og sett på i forhold til budsjett.

·        Kanskje kan det vere ein ide å oppmode til auke i den faste givartenesta. Då kan dei fleste offer gå til eksterne ting.

 

FELLESRÅDET

 

  • Fellesrådet har ansvaret for kyrkjebygningane, gravplassane m.m. Rådet er samansett av 2 representantar frå kvart sokneråd + ein politisk vald representant. Fellesrådet får alle pengane sine frå kommunen.
  • Når det gjeld gravplassane har Flusund og Remøy vorte endra siste åra. Pr. i dag har Nerlandsøy sprengt kapasitet. Der er ting på gong, men utspelet ligg hjå kommunen.
  • Ordninga med at ein får refundert momsen på investeringar gjer at det har vorte overskot siste året. Dette har gjort at ein kan sette i gang ein del vedlikehald på kyrkjene i Indre Herøy og Leikanger.
  • Når det gjeld kapellet så er innsamla midlar + løyvingar frå kommunen lik utgiftene.
  • Det er også ein jobb å gjere utvendig på kyrkja, det gjeld maling som flassar og rusta luker.
  • I forhold til uteområdet må ein sjå på kor mykje pengar som står igjen når kapell og utvendig kyrkje er ferdig. 

 

Kommentarar:

·        Drenering på Remøy gravplass

o       Nye området samlar for mykje væske. Dette kjem av for tett masse, noko som forhåpentlegvis vil verte betre når massen får sette seg.

·        Oppmerking av parkeringsplass

o       Skal skje når ein får rydda opp på uteområdet

 

PROSJEKT HERØY KYRKJE

Jens Terje Johnsen har siste året hatt eit prosjekt i kyrkja vår. Ut i frå dette prosjektet skriv han no ein rapport.

 

                        Tema for prosjektet: Gudstenesta samhandling eller solospel

 

Det har vore ei prosjektgruppe på 10 stk som hadde 3 prosjektgudsteneste i 2008. Responsen var god og ein lærte at involvering skaper engasjement. Det gjeld å sjå, utfordre og sleppe til.

 

DIVERSE

 

  • Dugnad: Der er alltid behov for folk som kan tenkje seg å ta eit ekstra tak. Så meld deg til Bjørg på kontoret viss du vil gjere ein innsats
  • Kapellet er snart ferdig. Det som manglar er godkjenning frå Biskopen og kunsten. Kunstar er Ørnulf Opdahl
  • Trusopplæring 0-18 år skal vere på 318 timer. Herøy kyrkje har pr. i dag ikkje midlar til opplæring. Dersom alle i prostiet er klar vert vi med i ei prostivis tildeling av pengar. I løpet av ei tre års periode skal alle vere i gong. Det som er sikkert er at mange må på bana, og ein del må skje på frivillig basis. Vi må spørje oss sjølve om kva vi vil at ungdomane skal sitje igjen med når dei er 18 år?
  • Fasteaksjonen går av stabelen tirsdag 31. mars. Her treng ein hjelp både til å gå med bøsse og til å telle pengar m.m. Ta kontakt med Beate.
  • Det er soknerådsval til hausten og vi treng kandidatar. Det er fritt fram for å melde seg. Denne gongen vert ein vald inn for 2 år.

 

 

Nerlandsøy 29.03.09

Bodil Karin Kvalsund

-referent-