| Referat April 09 |
|
|
|
| Skrive av Øystein Nerland | |
| torsdag 02. juli 2009 | |
Referat April 09REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE Tysdag 28.04.09
Desse møtte: Øystein Nerland, Sissel Fjørtoft, Bodil K Kvalsund, Sigbjørn Myren, Olav Torvik, Ellinor Monsen, Inger Vikene, Karete Johannesen, Synnøve Sørheller, Jens Terje Johnsen, Ingebjørg Sævik
Referatsaker:
SAKLISTE
SAK 14/09 Søknad om leige, Vox virorum 30.08.09 Vox Virorum søkjer om å leige Herøy Kyrkje til konsert. Repertoar er i hovudsak kyrkjemusikk, som dei seinare på hausten skal framføre i Italia Vedtak: Leige innvilga innanfor vanlege normer for utleige
SAK 15/09 Søknad om leige, Herøyhorn 12.12.09 Herøyhorn ynskjer igjen å leige kyrkja til julenattine Vedtak: Leige innvilga innanfor vanlege normer for utleige
SAK 16/09 Kvartalsrapport økonomi/rekneskap Går ut
SAK 17/09 Soknerådsval 09, innstilling til Dei som tek attval gjekk ut når lista vart behandla, men kom inn igjen når vi skulle velje valkomité Valnemnda la fram si instilling for perioden 2009-2011. Ein kom fram til ei liste som vert offentliggjort etter 22.mai.
Vi valde og valkomité for valet i 2011; Olav Torvik, vara: Sigbjørn Myren, Bodil Kvalsund, vara: Ellinor Monsen, Sissel Fjørtoft; vara: Arnstein Høydal SAK 18/09 Gudstenesteplan haust 2009 Vi gjekk gjennom forslaget til gudstenesteplan for hausten 2009. Både prosten og soknerådet reagerer på at Knut Magne Dalsbø berre er i Herøy kyrkje to gongar i haust. Jens seier at på grunn av mange spesielle gudstenester så har det vore vanskelig å få til meir. Det kunne kanskje vore ein ide å sjå om ein kan flytte enten 4 års gudstenesta eller 5.klasse gudstenesta til februar. Soknerådet saknar også ei kveldsgudsteneste i løpet av hausten. Jens orienterte også om at det kunne vere ynskjelig å ha innvandrerfest i forbindelse med ei gudsteneste.
SAK 19/09 Prosjektrapport JensJens er no ferdig med prosjektrapporten sin. Det er soknerådet som er eigar av prosjektet, og rapporten er då å rekne som soknerådet sin. Av prosjektet har vi lært at involvering skaper engasjement. Kva betyr dette for vidare arbeid? -Vi snakka litt om korleis vi kan klare å få meir engasjement i kyrkjelyden vår, burde vi vere flinkare å engasjere tidlegare soknerådsmedlemmar til praktiske oppgåver t.d. -Kvifor let ikkje folk seg engasjere, er det statskirka sitt fokus som er problemet? -Vi har og ei utfordring i å fange opp folk som er på fredagstreffet. -Det som er sikkert er at har du ei oppgåve så er det lettare å kome til kyrkje. -Ein annan ting er om vi er flinke nok til oppmode folk om å gå til gudsteneste. -Kva med søndagsskulen, burde den vere fast frå 11- 11.45 t.d. Her må ein då rekruttere leiarar for å få det til å gå. -Kvifor går vi til kyrkje? Kan t. d vere det sosiale fellesskapet, men for dei fleste er det nok for å få et møte med Jesus. -Vi snakka om vi kunne klare å lage til ein kveld i haust der ein inviterte unge familar til eit sosialt fellesskap. Vi tek opp dette som sak på neste møte.
SAK 20/09 Stolar i kyrkjelydssalen. Karete gjekk ut som inhabil i saka. Ein har no prøvd ut ein heil del stolar, ein har hatt fokus på sittekomfort og praktisk handtering. Utsmykkingsnemnda sit no igjen med to stolar. Dei var delt i synet på kva for ein stol ein skulle velje. Soknerådet har tidlegare sagt at dei vil ha siste ordet i saka. Derfor gjorde vi vedtak ut i frå dei to som sto igjen. Vedtak: Soknerådet gjekk inn for å kjøpe Foraform sin stol Next.
SAK 21 Eventuelt
Jens la fram forslag til ein plan for korleis ein skal kome i gang med gudstenestereforma. Ein bør drage det litt ut slik at det nye soknerådet også får vere med på dette. Det vil seie at ei førebels ordning vil ikkje vere på plass før seinhausten 2009 / våren 2010.
Nerlandsøy 02.05.09 Bodil Karin Kvalsund -sekretær-
|





