Du er her: Forsida arrow Sokneråd arrow Referat April 08
Referat April 08 PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Øystein Nerland   
onsdag 18. juni 2008

Referat april 08

REFERAT FRÅ SOKNERÅDSMØTE I HERØY KYRKJE

29.APRIL 2008

 

Desse møtte:          Øystein Nerland, Marvin Kopperstad, Inger Vikene, Karete

                                   Johannesen, Synnøve Sørheller, Jens Terje Johnsen, Sigbjørn

                                   Myren, Ellinor Monsen, Sissel Fjørtoft, Bodil Karin Kvalsund

 

REFERATSAKER

1, Ingen kommentarar til referat og innkalling, men sak 13 i referatsakene vart flytta til sak 26 i saklista.

2.Evaluering Ytre Suløen- forholdsvis lite folk gjorde at overskotet ikkje vart på meir enn kr.4.000,- Det vart delt mellom ungdomsarbeidet og NMSvc .

Dei har nok vore her litt for ofte i det siste, så ein bør vente ei stund til neste gang. Kanskje det kunne vore ein ide med ein songkveld i lag med dei ved ei seinare anledning.

Vi hadde og ein diskusjon på det med sponsing. Annonsane til konserten var sponsa av Nordea og Sparebanken. Det vart vist med banner i våpenhuset. Skal vi tillate det, eller skal kyrkja vere ein plass fri for reklame? Diskuterte også om ein plakat utanfor kyrkja kunne vere aktuelt. Vi kom fram til at vi bør halde kyrkjeområdet fri for reklame. Sponsorar er greitt så lenge dei er nøgde med å få namnet sitt i avisa eller få takk på annan måte.

3. Forslagskasse, kvar vert den av?

4. Grøn kyrkjelyd Der finst mange punkt som ein må fylgje viss ein skal vere ein grøn kyrkjelyd. Der ligg informasjon om dette i våpenhuset. Vi nøyer oss med å sortere avfall inntil vidare.

5. Søndag 9.november 2008 er søndag for dei forfulgte

6. Årsmelding/Rekneskap frå Fellesrådet

   -Fellesrådet hadde eit stort overskot i 2008. Dette skal brukast til    vedlikehald av Indre Herøy kyrkje, Leikanger Kyrkje og Tjørvåg gravplass.

-  Kapell er no ute på anbod

- Planane for uteområdet er godkjende, men ein må ha pengane på plass før det går ut på anbod.

7. Det har kome årsrapport frå KIA

8. Det har også kome årsrapport frå internasjonal kafè

9. Det har kome ut nytt kyrkjeaktuelt

10. Infohefte om trusopplæring er komt.

11. Iko nytt – kan det vere ein ide å distribuere det til Skulekontor og barnehageavdelinga i kommunen?

   Alle desse skriva er å finne på kyrkjekontoret

12. Normisjon har sendt kvittering for mottatt offer

13. Vert sak 26/08

14. Ole Brubakk har sendt takkehelsing i forbindelse med gava han fekk då han slutta som sokneprest i Herøy

15. Det har ikkje lukkast å finne nokon til å ta redaktøransvaret for heimesida.

SAKLISTE

 

Sak 21/08     Statuttar for Fredagstreffet

                        Dette har vore skrive tidlegare, og soknerådet ber Jens finne dei

fram og gi dei til Tone. Styret i Fredagstreffet og Tone ser over dei, og kjem med sitt forslag til soknerådet.

Soknerådet ser på det som viktig at Fredagstreffet er i regi av Den Norske Kirke. Når det gjeld valform bør det sikkert styrast litt, og folk bør spørjast på førehand om dei vil stille. Det bør og presiserast kven som skal ha det økonomiske ansvaret og kven som skal føre regnskapet.

 

Sak 22/08     Diakoniplan Herøy Kyrkje

                        Det vert mest sannsynleg diakonikurs for alle sokneråda i Herøy på

                        Kjeldsund 23.09.08 kl. 19.00. Der vert det orientering om den nye

                        Diakoniplanen for Den Norske Kyrkja.

Kva ynskjer soknerådet for eit sånt møte?

Det bør vere eit møte med oppfordring til samtale slik at vi kan sjå

                        på planen i lys av lokale forhold. Det kunne kanskje vore eit ope

møte der interesserte i kyrkjelydane også kunne ta del. 

Diakoniplanen vår må takast opp på fyrste møtet etter ferien.

 

Sak 23/08     Kyrkjekalender Herøy Kyrkje

Korleis skal vi distribuere kyrkjekalenderen? Med post vert det temmelig dyrt. Det vart prøvd å sende den med konfirmantane i under fasteaksjonen, men det fungerte dårlig.

            Kalenderen bør ut så tidleg som råd i august og januar.

            Jens sjekkar opp kva det vil koste å sende den som innstikk i Vestlandsnytt, eller trykt i avisa så folk kan klippe den ut.

 

Sak 24/08     Tilsetjing av ungdomsarbeidar

Det har kome inn to søknader. Vi diskuterte rundt det med å dele stillinga på desse to, begge søkarane er positive til dette. Den eine vert då tilsett som leiar, og den andre som ungdomsarbeidar.  Det at dei er to gjer at dei kan vere der annankvar fredag kvar, og det ser vi på som positivt.

Vedtak: Nestleiar i soknerådet, Ungdomsarbeidar og Kyrkjeverje kallar inn søkarane til intervju med tanke på at dei skal verte tilsett i 25 % stilling kvar.

Før intervjuet må det vere klart ei grovriss til arbeidsfordeling. Det kan og vere aktuelt å knytte ein av dei opp i mot arbeidet i KRIK.

            Jens leiter fram dei gamle instruksane og AU utformar nye.

 

 

Sak 25/08     Herøy kyrkje ut på tur

                        Marvin har laga ei flott brosjyre til vårens og hausten turar.

Takk til han for det. Oppsettet ser veldig bra ut. Turstart og oppmøte plass bør førast på.  Så må turmålet 15,juni endrast til Rundebranden.

 

Sak 26/08     Gudstenesteplan haust 2008

                        Jens la fram planen for hausten og soknerådet godkjente den.

                       

Konfirmantopplegget: Konfirmantplanen bør vere klar når det er konfirmantpresentasjon på hausten. Det er også ein ide å lage eit evalueringsskjema til foreldra, ikkje berre til konfirmantane.

Det er og eit spørsmål om tida er komen for å ha berre ei gudsteneste kl. 11. Dette burde ein kanskje lufta med foreldra på fyrste møte om hausten. Det kunne ein gjere so enkelt at dei svarte på ein lapp der alternativet er ei eller to gudstenester.

 

Komité til alternativ gudsteneste 05.10.08: Ein treng 5-6 personar som kan planlegge denne gudstenesta i lag med Jens og Terje. Tenk over kven ein kan spørje til neste møte

 

Sak 27/08     Eventuelt

                        Søknad om støtte frå diakoniutvalet:

Inger har motteke ein søknad om støtte til etterarbeid i samband med Bourbon Dolphin ulykka. Ho lurer på om dei har mynde til å disponere fondet som gjeld diakoni. Det må sjekkast opp kva som ligg i fonda sine regelverk.

Søknader av denne art vil vi også ha i forkant, og ikkje i etterkant.

Vedtak: Slike søknader vil vi skal sendast til soknerådet.

Vi ber derfor om at gjeldande søknad vert oversendt til soknerådet.

 

 

Nerlandsøy 04.05.08

Bodil Karin Kvalsund

-sekretær-