Herøy: Det er klart for ny salmekveld i Indre Herøy kyrkje onsdag 16.mars. Herøy kyrkjekor har begynt å øve igjen etter corona-pausa og det er ei glede at dei er med og syng denne onsdagskvelden. Andrine Berge vil synge solosongar. Organist Dag Johan Flattun akkompagnerer Andrine og spelar til salmane som forsamlinga får vere med å synge med på. Annfrid Aurvåg har sydd saman ein fin salmekveld med salmer for både gamal og ung. Mange av salmane er det vi kallar kjente og kjære, medan nokre er nyare salmer. Felles for alle salmane er at dei står i den nye salmeboka frå 2013. Fung sokneprest Solfrid Leinebø Seljås vil halde kveldstankar. Indre Herøy sokneråd er vertskap og dei lovar kaffe og kaker til alle etterpå, og godt innhald og fellesskap i kyrkja. Soknerådet vonar at mange frå heile Herøy møter opp til denne salmekvelden.
