Søndag var det gudsteneste med årsmøte etterpå i Leikanger kyrkje. Bileta viser nokre av dei som deltok. Det vart gjeve ei god gåve til misjonsprosjektet på Madagaskar, og to konfirmanter deltok med oppgaver i gudstenesta. Frå årsmøte:Soknerådsleiar Monica Saetre leste opp soknerådet si årsmelding. Kyrkjeverje Marit Sævik Leinebø gjekk gjennom budsjett og rekneskap, og orienterte frå Kyrkjeleg Fellesrådssaker i høve Leikanger sokn. Årsmøtet gav si tilslutting til årsmelding og orienteringar. Diakon Ragnhild Danbolt Øygard orienterte om trusopplæringstiltak og diakoni, og ho selte lodd til inntekt for misjonsprosjektet.
