Prots, alias Per Oddvar Hildre, er gjest i Herøy kyrkje komande søndag kveld. Han er samtalegjest i kveldsmessa, og i samtale med Norunn Stendal Aksnes skal han fortelje om livsoppgåva si med SKRUK, om kva som har vore grunnlaget for dette engasjementet og om kva han har opplevd og lært saman med SKRUK. Han har også lova å lage eit stort kyrkjelydskor med dei som møter fram til kveldsmessa.
Tolvtetten skal bidra med song i kveldsmessa. Tolvtetten er eit av mange kor i Herøy. Dei har utvikla seg til å bli eit kvalitetskor med eit breitt repertoar. Koret vart starta i 1981, og i dag er Unni Kvamme dirigent.
Kveldsmessa vert elles prega av mykje salmesong, avsluttande nattverd og etter messa er det kaffi og drøs på kyrkjetorget.