På søndag er du velkomen til gudsteneste i enten Herøy kyrkje eller i Leikanger kyrkje med Presentasjon av dei nye konfirmantane i sokna!
Konfirmantane vert presentert ein og ein for kyrkjelyden i den kyrkja dei høyrer til, og vi vonar at mange møter fram for å vere tilstades ved denne gudstenesta på søndag.
Det er alltid høgtideleg å verte presentert som ny konfirmant. Kvar enkelt konfirmant vil få noko på søndag, som dei vil ha bruk for gjennom heile konfirmantåret og vidare i livet.
Dei som deltek i Herøy kyrkje er sokneprest Solfrid Leinebø Seljås, kyrkjelydspedag Karoline Husøy Kopperstad og ved orgelet sit kantor Dag Johan Flattun. I Leikanger kyrkje er det Kjell Roger Isene som er prest. Medliturg er kyrkjelydspedagog Karl Anders Brendmo og ved pianoet sit Ingrid Nerhoel. Astri Celine Berge skal synge for oss på denne Gudstenesta. Det ser vi fram til. Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi. Vel møtt!
