Oddhild Brandal, Olgunn Torvanger og Guri Aasen er pave Frans sitt talerøyr i Herøy kyrkje komande søndag. Dei skal framføre tekstar frå paven si kunngjering om klimautfordringane, encyklika som slikt heiter i Vatikanet, og utdrag frå Bibelen som aktualiserer dette temaet.
Jorda er vår felles heim som vi har vanskjøtta med griskheit og kortsiktigheit. Difor er det vårt felles ansvar å prøve å rette opp dette, seier pave Frans i sin utfordrande encyklika. Og dei ansvarlege for kveldsmessa har funne tre sentrale bibeltekstar frå både det gamle og det nye testamentet som understrekar denne bodskapen.
I staden for ein gjestesamtale i kveldsmessa blir det altså denne gongen ei framføring av tekstar av tre svært habile opplesarar frå lokalmiljøet.
Herøykvartetten med Sølvi Nerem Berg, Øyvind Granden Berg, Unni Kvamme og Bjørn Holum deltek med song og Gunnar Elvesæter er hyra inn som organistvikar. Jens Terje Johnsen er kveldsmessevert og Solfrid Leinebø Seljås er liturg.
Og kyrkjekontoret ser fram til å ønskje velkommen til kyrkje, nå endeleg utan smitterestriksjonar.

