Home » Orgelkonsert for reformasjonsjubileet

Orgelkonsert for reformasjonsjubileet

Laurdag 4. November kl 19 i Herøy kyrkje. Gratis inngang, kollekt.

Reformasjonen hadde ikkje berre åndelige politiske ringverknadar, på det musikalske hadde den og stor verknad. Salmane vart satt til folkelege melodiar som ga høve til heile at kyrkjelyden fekk syngja med. Dei liturgiske ledda og det som vart forkynt var ofte komplementert i salmen og i Luther sine salmar finn vi ser vi sterke døme på dette. Komponistar har i etterkant av reformasjonen skreve både melodiar, arrangement, kantater og andre frie musikalske verk tufta på den Lutherske salmen og den Lutherske gudstenesteverksemda.

Laurdag 4. november vil kantor Dag Johan Flattun i Herøy kyrkje halde ein orgelkonsert med noko av den Lutherske gudstenestlege musikken i fokus. Det vil verte musikk av Bach og Buxtehude tufta på Luthersalmar og frie orgelverk som er mykje høyrt i Gudstenestleg samanheng samt ein koralfantasi over «Vår Gud han er så fast ei borg» av Max Reger.