Home » OPPSTART KYRKJEKOR

OPPSTART KYRKJEKOR

Herøy kyrkjekor startar oppatt etter sommarferien onsdag 30. aug. Koret har vore ein viktig aktør i kyrkjelydane i Herøy med base i Herøy kyrkje, der dei har vore sentrale i gudstenesta i over 30 år. Ved siden av dette bidreg koret i konsertsamanheng ved høve og har prosjekt i samarbeid med andre kor der det gis rom til utfordring utfolding og sosialt samvær. Koret har breid sjanger med innslag av gospel, bedehussongar og liknande men basis i den klassiske kyrkjemusikken og liturgien.

For at koret skal kunne halde fram i minst 30 år til er det avgjerande med rekruttering og difor håpar vi at fleire som har høve og lyst å verte med og verte kjend med mykje fin musikk og ha eit trivelegt sosialt samvær. Du er hjarteleg velkomen som medlem i Herøy Kyrkjekor øving kvar onsdag kl 1930.