Endeleg er korsongen i herøykyrkjene tilbake. Herøy kyrkjekor startar oppatt onsdag 1. september kl 19:30 etter eit usedvanleg langt opphald. Vi kjem til å øve kvar onsdag i Herøy kyrkje.
Vi er glade for å starte oppatt men ny giv, nye songar og forhåpentligvis nye songarar. Koret har allereide rundt 20 medlemmer men vi vil gjerne at fleire skal få ver med å glede seg over flott korsong og fint felleskap, vi reiser på tur ca. ein gong i året, der vi syng litt opplever nye ting og har det fint ilag.
Koret syng ved høgtidsgudstenester og andre gudstenester og har si forankring i kyrkja og liturgien. Koret er og med på konsertar med jamne mellomrom t.d ved juletider og når vi har fellesprosjekt med andre kor i nabokommunane.
Ynskjer du å bli med i kyrkjekoret eller berre stikke innom på ei øving for å finne ut om dette er noko for deg så er du hjarteleg velkomen. Tak gjerne kontakt med dirigent Dag Johan Flattun på tlf: 97542628.