BETALINGSREGULATIV FOR BRUK AV KYRKJENE I HERØY
Vedteke av Herøy kyrkjelege fellesråd i møte 04.10.99, sak 36/99
Rullert av Herøy kyrkjelege fellesråd i møte 18.06.02, sak 26/02
Godkjent av Møre bispedømeråd etter § 20 i Kyrkjelova, brev datert 05.09.02
Revidert av Herøy kyrkjelege fellesråd 09.09.04
Endra av Herøy kyrkjelege fellesråd 01.03.07
1 Vigsle
Det vert ikkje kravd betaling dersom vigselen skjer etter Den norske kyrkja si ordning samt minst eit av brurefolka er medlemar i Den norske kyrkja og har tilknyting til Herøy kommune.
Ved vigsle der ein ikkje nyttar Den norske kyrkje si ordning vert det kravd
kr. 1000 for å dekkje kostnadene med å leige ut kyrkja.
Ved vigsle der ingen av brurefolka er medlemar i Den norske kyrkja eller der ingen av brurefolka er heimehøyrande i Herøy vert det kravd kr. 1000 for å dekkje kostnadene med å leige ut kyrkja.
Organist/kantor har plikt til å gjere teneste berre dersom handlinga vert foretta
etter Den norske kyrkja si ordning. Den som leiger kyrkja kan likevel etter avtale nytte kantor/organist men må då dekkje utgifter til løn for denne tenesta.
Gravferd
Det vert ikkje kravd betaling dersom gravferda skjer etter Den norske kyrkja si ordning og den døde hadde tilknyting til Herøy kommune.
Ved gravferd der ein ikkje nyttar Den norske kyrkja si ordning vert det kravd kr. 1000 for å dekkje kostnadene med å leige ut kyrkja.
Organist kantor har plikt til å gjere teneste berre dersom handlinga vert foretta etter Den norske kyrkja si ordning. Den som leiger kyrkja kan likevel etter avtale nytte kantor/organist men må då dekkje utgifter til løn for denne tenesta.
Leige av kyrkja til andre arrangement
Dersom kyrkja vert nytta til soknerådet sitt eige arbeid vert det ikkje kravd betaling. Ved konsertar soknerådet arrangerer, og som gjev overskot, betaler soknerådet kr 1000,- til dekking av utgifter.
Når kyrkja vert leigt ut til lokale kor, korps, lag og organisasjonar, samt til lag og organisasjonar innanfor Den norske kyrkja, der det vert teke inngangspengar eller arrangør på andre måtar får inntekter, skal leigetakar betale 15% av bruttoinntekter i leige. Arrangør må likevel betale minimum kr. 1000 p.r. arrangement og maksimum kr. 6000 pr. arrangement.
Når kyrkja vert leigt ut til andre kor, korps, lag og organisasjonar der det vert teke inngangspengar eller der arrangør på annan måte får inntekter, skal leigetakar betale 15% av bruttoinntektene. Arrangør må likevel betale minimum kr. 1000 p.r. arrangement.
Kantor, organist, prest, soknerådsleiar og økonomiansvarleg har gratis inngang ved slike arrangement.
4 Fakturering
All fakturering skjer frå Herøy kyrkjelege fellesråd til den som bestiller tenesta.