Olav Sævik er samtalegjest i kveldsmessa i Herøy kyrkje søndag kveld. Dersom ordet «bedehushøvding» framleis er i bruk, må det kunne nyttast om Olav Sævik. Han har vore pytt og panne på Remøy Bedehus i årtier, og han er det framleis. Olav Sævik “kom med”, som det heiter på bedehusspråket, under ei vekking på Remøya på 60-talet, og har brukt svært mykje av fritida si på aktivitetane på bedehuset i heimbygda. Som dei fleste på Remøya hadde han arbeidsdagen sin på sjøen, som skipper både i fraktfart og i supplyfart, før han gjekk i land og vart lærar for ungdom som skulle lærast opp til å greie seg på sjøen.
Søndag kveld blir han utfordra av Paul Sundnes til å fortelje frå livet sitt, og ikkje minst kva bedehuset og livet der har betydd for han.
Harry Andersen er musikalsk gjest i kveldsmessa. Han har også lang fartstid i bedehusland med frisk song og eminent gitarspel. Søndag blir han å høyre i ein litt uvanleg samanheng, under ei kveldsmesse i Herøy kyrkje.
Bjørn Leinebø er liturg, Dag Johan Flattun er organist og Beathe Myklebust leier kveldsmessa.