31.desember 2022: Nyttårsaftan vert det eit nyttårsselskap i Herøy kyrkje for alle som har lyst til å feire nyttår saman med nokon.
Nyttårsselskapet startar rundt «Kongens tale», kl 1930.
Kom litt før det, eller etter talen. Dette er eit nyttårsselskap som er opent for alle, og varer fram til Midnattsgudstenesta som startar kl 23.00.
Midnattsgudstenesta inneheld salmer, musikk, tale ved Erhard Hermansen og bøn om fred. Midnattsgudstenesta vert avslutta ca eit kvarter før midnatt, slik at ein skal kunne få med seg fyrverkeriet i Fosnavåg sentrum også.
Les meir detaljar om nyttårsselskapet i arrangementet på facebook: «Nyttårsselskap på nyttårskvelden».
Herøy kyrkje er ei arbeidskyrkje og vi har mange opphaldsrom vi kan vere i, utenom kyrkjerommet.
Det er gudstenesteutvalet i Herøy sokn som står som arrangør. Alle er like velkomne, enten du er pinseven, ortodoks, frikyrkjeleg eller medlem i Den Norske Kyrkje. Nyttårsaftan møtest vi frå alle «leirar». Vel møtt!