Du er her:
KYRKJEBASAR PDF Skriv_ut E-post
Skrive av Bjørg Kvalsund   
tirsdag 24. januar 2012

Kyrkjebasar

Herøy kyrkjeforeining har starta planlegginga av årets basar. Basaren vert i kyrkja laurdag 3.mars.

 

Dei komande vekene vil vi gå gundt i by og bygd med loddbøker. På basaren vert det sal av tombola, åra og lynlodd. Pengane som vi samlar inn på basaren vil vi bruke på arbeidet i kyrkja. Barne- og ungdomsarbeidet i kyrkjelyden vår ser vi på som ei viktig oppgåve, og vi håper vi kan vere med å støtte det også komande år. Inntektene frå basaren har vore viktige bidra til å kunne løne ein ungdomsarbeidar.

Vi har og gitt støtte til misjonsprosjekt.

 

Kyrkjeforeininga, som står som arrangør av basaren, har tidlegare opplevd stor givarglede både når det gjeld å gi gevinstar og til å kjøpe lodd på basaren. Vi håper også at det til denne basaren er mange som har høve til å gi gevinstar til loddbøkene, åresalet eller tombola. Du som ynskjer å gi gevinstar kan ta kontakt med kyrkjekontoret. Vi håper på god oppslutnad frå bygd og by til Kyrkjebasaren 2012. Vi er takksame for all støtte.

 

Herøy kyrkjeforening