Vi er allereie godt i gang med det nye året. Kyrkja har mange tilbod om felleskap og aktivitetar å vere med på. Her er omtale av nokre av møtepunkta for dei komande vekene i dei tre sokna i Herøy.
Familiegudstenester 29.januar
Søndag er det familiegudsteneste i både Indre Herøy kyrkje og i Herøy kyrkje klokka 11.00. I den siste vil også frikyrkjemedlemane kome på besøk denne søndagen. Tema for begge gudstenestene er Bibelen, og det er dåp i begge kyrkjene. Dei som går på 5.trinn og er medlem i Den Norske Kyrkje har fått brev i posten med invitasjon til kyrkja for å få sin eigen Bibel. I Indre Herøy kyrkje deler vi ut til dei som bur på Moltu, i Tjørvåg, i Myrvåg og på Leikong. Dei som bur i dei andre bygdene får sin Bibel i Herøy kyrkje. Elles vert det gode salmer og songar, preike og forbøn. Alle er hjarteleg velkomne til å feire gudsteneste, frå heile Herøy.
Tilbod om fellesskap/aktivitetar
Kyrkjelydane har tilbod for alle aldre. Dei fleste tilboda skjer i Herøy kyrkje, fordi det er ei arbeidskyrkje med mange rom for forskjellig bruk, og der er også kyrkjekontoret for heile Herøy. Der har vi mellom anna «Open barnehage med babysong» kvar onsdag. Likeins er det også med «Herøy knøttekor». Det er for dei mellom 3-6 år. Dette tilbodet er annakvar onsdag ettermiddag i Herøy kyrkje, oftast nede i gymsalen av di det er både song og leik. Der er også «Supertorsdag» som er eit tilbod om middag og leik for familier kvar tredje torsdag ettermiddag. Tips gjerne aktuelle du kjenner i høve desse tilboda for familier med born. Ein kan lese meir om dette på kyrkja sine heimesider www.heroy-kyrkje.no. Herøy kyrkjekor øver kvar onsdags kveld, og er eit kjekt kor å vere med i for vaksne. Koret vert leia av eit styre i samarbeid med kantor.
Torsdag i kyrkja» med ny kunnskap om «Anna med barnet»
Komande torsdag, 2.februar, er det «Torsdag i kyrkja» igjen, denne møteplassen som fleire og fleire set pris på. Den fyrste timen vert det open kyrkje med moglegheit for lystenning i kyrkjerommet og ein kaffikopp og ein prat på Kyrkjetorget. Den andre timen har eit tema. Denne gongen kjem Helge Håberg med temaet «Anna med barnet og møte med Herøy. Tru for 200 år sidan.» Arrangementet er opent for kven som helst, kvar torsdag. Velkomen innom.
JUBILEUM for Leikanger kyrkje
Leikanger kyrkje er «150 år på Leikong» i år. Kyrkja vart flytta frå Ørskog og sett opp att på leikong i 1872, og vart innvigd 26.januar 1873. Det blir ei jubileumsgudsteneste på føremiddagen søndag 5.februar med mellom anna biskop Ingeborg Midttømme, Leikong blandakor og Jøleik skulemusikkorps. Leikanger kyrkje er ei god og intim kyrkje, og det vil også bli nokre jubileumskonsertar i kyrkja utover våren.
HEKTA konfirmantleir Nytt i år er at vi reiser til Lillehammer med konfirmantane! Dei har fått velje mellom leir på Kjeldsund og leir på Lillehammer dette konfirmantåret, og 3.februar reiser ein spent gjeng konfirmantar på vinterleir på Lillehammer, der dei har valt aktivitetar som bob, kjelkeaking og ski i Hafjell; med fantastiske vinterforhold. På leiren får dei god undervisning og kjekke aktivitetar saman med konfirmantar frå heile landet. Vi reiser med konfirmantar frå alle dei tre sokna; Leikanger, Indre Herøy og Herøy. Ver gjerne med å be for konfirmantane og leiren. Vi gler oss!
