Home » Nytt frå Herøy-sokna

Nytt frå Herøy-sokna

Mars er komen med snøklokker og snøkave. I kyrkjene førebur vi oss til festgudsteneste for konfirmantane, Lovsongskveld, Tårnagenthelg i Indre Herøy og Leikanger, fasteaksjonen og til påske etter kvart. Mange kjem for å døype borna sine og det og det skjer mykje kvar dag!

Festgudsteneste

Denne helga er det Festgudsteneste ved konfirmantane! Dette er ei av dei gudstenestene konfirmantane tek del i og sjølve er med på å bestemme innhaldet i. Denne gudstenesta er eitt av høgdepunkta i konfirmantåret, og det siste store som skjer før sjølve konfirmasjonen. Her deltek dei med sine evner og talent, gjennom musikk, song, dans, drama, bøner og lesing, og vi vonar kyrkjene vert fullsette desse to kveldane. Det er Festgudsteneste fredag kveld i Indre Herøy kyrkje ved konfirmantane i Indre Herøy og Leikanger sokn, og søndag kveld i Herøy kyrkje ved konfirmantane i Herøy sokn. Velkomen til familie, fadrar og heile kyrkjelyden.

Lovsongskveld

Torsdag er det igjen duka for Lovsongskveld i Herøy kyrkje! Der samlast vi på tvers av generasjonar, og håpar å sjå både unge og gamle i kyrkja denne kvelden. Songane som vi syng saman, er ikkje av nyaste dato, så vi reknar med at dei fleste som kjem vil møte songar dei kjenner frå før. Dei aller fleste songane er norske, og lette og synge med på for unge og gamle. Her kan du vere til stades slik du sjølv ønskjer det; synge med av full hals eller berre sitje og ta inn musikken og dei fine tekstane. Mellom songane vert det lese bibelord og vitna om livet med Jesus.

Det er viktig å samlast til fellesskap i kyrkja, også utanom gudstenestefellesskapet. Timen før Lovsongskvelden er du også velkommen til fellesskap på kyrkjetorget, der det vert servert vaflar og kaffi. Lovsongskveldar har vi berre to av i halvåret, der den eine er i Indre Herøy kyrkje og den andre i Herøy kyrkje. Vi håper du set av kvelden og kjem til Herøy kyrkje på torsdag. Alle er varmt velkommen!

Litt om konsertar i kyrkja til våren.

Vi har glede av å husa fleire kulturelle arrangement i kyrkjene våre til våren.

Vi må kunngjere nokre endringar i kulturprogrammet. Vi er no i gang med å dele ut program til våren i postkassene med overskrifta «Gudstenester våren 2023» der er ei oversikt over gudstenester til våren og på baksida er ei oversikt over konsertar og andre arrangement.

Der står det m.a. at det er jubileumskonsert i Leikanger kyrkje. Dette er ein orgelkonsert i samband med Jubileumsåret i Leikanger kyrkje. Denne må dessverre flyttast og ny oppføring av denne konserten vert i Mai. Då vil kantor Dag Johan Flattun presentere eit utvald repertoar som trekker stilistiske og historiske linjer mellom instrument og rom. 

I april er det satt opp ein orgelkonsert i Herøy kyrkje, dette arrangementet må og flyttast då får vi konsert med Magne Fremmerlid som har med seg eit mannskor og utvalde musikarar. Den planlagde orgelkonserten vil bli oppsett i Mai. Då skal kantor Dag Johan Flattun spele verker av Cesar Franck i samband med at han vart 200 år i 2022.

Sjå Herøy kyrkje si heimeside og  facebook for meir info. Konsertane blir annonsert.

Tårnagenthelg for 3. klassingar

Indre Herøy og Leikanger kyrkjelyd inviterer neste søndag alle 3.klassingane i Indre Herøy og Leikanger sokn til å vere Tårnagentar i kyrkja. Her kan deiutforske kyrkja, Bibelen og kyrkjetårnet. Agentane får løyse oppdrag og mysterium, og har eigne agentkodar. Det blir mat og saft. På gudstenesta søndag ettermiddag, får dei boka «Skatten i Liljedal» i gåve frå kyrkjelyden. Etter gudstenesta blir det servert «kyrkjekaffi».

Kyrkjebasaren

Stor takk til alle dei som la turen til Herøy kyrkje og kyrkjebasar laurdag! Det var ei triveleg ykt med mykje god mat, kaffi, åresal og tombola. Knøttekoret song av hjartans lyst i to avdelingar. Trygve Danbolt Øygard heldt ei flammande andakt og praten gjekk livleg rundt borda. Kyrkjeforeininga i Herøy var strålande nøgde med dagen og gler seg allereie til neste år!

God helg til alle!