Home » Nytt frå Herøy-sokna

Nytt frå Herøy-sokna


Ingress: Februar starta med jubileumsfeiring av Leikanger kyrkje. Det var stas! No går vi mot Valentinsdagen, og minner om frieri og bryllaup.

Jubileumsskrift
150-årsjubileumet for Leikanger kyrkje vart feira søndag 5.februar, og det vart ein fest med fullsett jubileumsgudsteneste og kyrkjekaffi med mat på Kjeldsund leirstad etterpå. Vi gleder oss over jubileumsskrifta som er i sal i høve jubileumsåret 2023. Det eine heftet er eit nyopptrykk av jubileumsboka frå 1973 då Leikanger kyrkje var 100 år. Det andre heftet er eit nytt hefte som viser alle dei fine interiørdetaljane som du kan finne i Leikanger kyrkje saman med litt informasjon om dette. Hefta vert å få tak i ved kyrkjekaffien etter gudstenestene i Leikanger kyrkje framover, eller ved Herøy kyrkjekontor. Det vil også bli nokre jubileumskonsertar i kyrkja utover våren.

Gudsteneste 12. februar med søndagsskule.
Søndag er det felles gudsteneste i Herøy kyrkje på føremiddagen. Den liturgiske fargen er kvit for denne søndagen er ein av festdagane i kyrkjeåret. Difor passer det å presentere den nye kvite messehagelen. Vi skal feire begge sakramenta: Dåp og nattverd. Det er tilbod om søndagsskule på søndag, og vi ynskjer velkomen til det også. Elles vert det gode salmer og songar, preike og forbøn. Alle er hjarteleg velkomne til å feire gudsteneste, frå heile Herøy, og ta ein prat over ein kopp kaffi etterpå. Vel møtt!

Leiarar til søndagsskulen
Vi treng fleire søndagsskuleleiarar i Herøy kyrkje! Kan du eller nokon du kjenner tenke deg å bidra på nokre søndagar i semesteret, slik at vi kan ha tilbod om søndagsskule kvar søndag, når det ikkje er familiegudsteneste? Du vil få opplæring og bli ein del av eit fellesskap av frivillige medarbeidarar i Herøy kyrkje. Søndagsskulen i Herøy kyrkje er ein integrert del av gudstenesta. Vi anbefaler søndagsskulen i Herøy kyrkje, og vonar at fleire søndagsskuleleiarar melder seg! Les meir på www.heroy-kyrkje.no

Herøy Ten Sing
Vi arbeider med å starte opp eit Ten Sing-kor i Herøy. Diakon Ragnhild var på Vintertreff på Larsnes førre helg saman med nokre ungdomar frå Herøy. Dei fekk oppleve Ten Sing-arbeidet på nært hald og vart begeistra! Kyrkjelydspedagogane Karl Anders og Karoline var på Lillehammer førre helg på Hekta konfirmantleir, ei storsamling for konfirmantar i Håkonshallen. Konfirmantane kom trøtte, men begeistra heim att, dei fleste. Nokre av desse ungdomane, saman med nokre fleire litt eldre ungdomar som vi har kontakt med, trur vi kanskje kan danne stammen i å starte opp med Ten Sing i Herøy. Vi håper på det og ber om at vi er i gang rett etter vinterferien. Ta kontakt med diakon Ragnhild ved kyrkjekontoret om du har tips, eller vil bruke av tida di som vaksenleiar i Herøy Ten Sing.

Valentinsdagen – frieri eller bryllaup?
14.februar kallast Valentinsdagen og har med åra vorte ein dag for markering av kjærleik. Går du med bryllaupsplanar, men noko kom i vegen? Då reiser du til Ulstein kyrkje på tysdag på Drop-in vigsel. Du må ha med vigselsattest og to forlovarar. Dersom dette kom for brått på så bruk Valentinsdagen til å fri og avtal bryllaupsdato med Herøy kyrkjekontor eller Sande kyrkjekontor. Hugs at du kan få kyrkjeleg vigsel på ein kvardag og ute i Guds frie natur, i tillegg til i kyrkjene våre. I kyrkja så heier vi på kjærleiken!

Konsert i Indre Herøy kyrkje
Søndag 26.februar vert det ein konsert i Indre Herøy kyrkje om kvelden. Sande kommunes Kevin Andre Søvre Myklebust og ein av Herøys unge songfuglar, Andrine Berge, lovar ein stemningsfull konsert. Merk deg denne konserten! God helg til alle!