Home » Nytt felles soknemøte på Leikong 10.januar 2023.

Nytt felles soknemøte på Leikong 10.januar 2023.

Tysdag 10.januar kl 1830-1930 vert det skipa til nytt felles soknemøte i Leikanger kyrkjelydshus. Soknemøtet er for alle dei tre sokna i Herøy: Leikanger sokn, Indre Herøy sokn og Herøy sokn
Sak: SAMS SOKNERÅD
INFORMASJON OM 150-ÅRSJUBILEET FOR LEIKANGER KYRKJE.

Grunnen til at det er kalla inn til soknemøte er at ein kan søke om å etablere felles sokneråd for to eller tre av sokna med verknad frå kyrkjevalet i 2023. Alle som er medlem i Den Norske Kyrkje kan møte opp til soknemøte, frå alle tre sokna, i Leikanger kyrkjelydshus.
Eit sams sokneråd er eit sokneråd som representerer to eller fleire sokn. Soknerådet er samansett av eit fast tal på medlemmer frå kvart sokn og ein sokneprest oppnemnd av biskopen.

Sams sokneråd kan opprettast i samband med eit kyrkjeval. Sokna fungerer som valkrinsar og held kyrkjeval som før. I staden for å velje eit heilt sokneråd, vel soknet sine medlemmer og varamedlemmer til eit felles sokneråd.

Etter reglane kan kvart sokn ha 2, 3 eller 4 medlemmer og minst 3 varamedlemmer i rådet. Dette er ei samanslåing av sokneråda, men ikkje ei samanslåing av sokna!

Les lenger omtale i Vestlandsnytt frå 2.desember, og annonse ang tidspunkt i annonse for Vestlandsnytt 23.desember, eller her på kyrkja sine heimesider, lagt ut 30.november.

I tillegg vil ein på soknemøtet informere om 150-årsjubileet for Leikanger kyrkje. Hovedmarkeringen for jubileet er sett til søndag 5.februar kl 11 med jubileumsgudsteneste.
Vel møtt til soknemøtet 10.januar!