Songaren Magne Fremmerlid fekk våren 2019 i oppdrag frå Møre Bispedøme og Nynorsk kultursentrum lage ein salmekonsert med nynorske salmar.
Hausten 2019 vart 5 kyrkjer i Møre Bispedøme vitja med dette programmet.
Planen var at mange fleire kyrkjer skulle få besøk i løpet av 2020, men koronapandemien sette stopp for konsertane då. (Magne Fremmerlid har på grunn av koronapandemien fått avlyst over 70 konsertar siste året)
No er Fremmerlid igjen klar for å presentera salmar frå den flotte nynorske salmeskatten vi har.
På programmet stend salmar frå ulike tidsepokar, tradisjonar og stil. Her er det nye og gamle salmar, kjende og meir ukjende salmar.
Felles for salmane er sjølvsagt at dei har nynorsk tekst, men i fylgje Fremmerlid er dette er ei flott samling songar som absolutt fortener å kome fram i lyset.
Det vert om koronasituasjonen tillet det og høve for publikum til å vere med å synge på fleire av salmane.
Magne Fremmerlid er i utgangspunktet utdanna som lektor i musikk, men etter i fleire år å ha vore musikklærar på folkehøgskule og lærarhøgskule vart Fremmerlid ein del av solistensemblet ved Den Norske Opera i Oslo. Her var han solist i 19 år, og gjorde meir enn 75 ulike operarollar.
Han har og gjesta mange andre operahus i inn og utland, og ikkje minst har Fremmerlid alltid vore ein mykje nytta solist med profesjonelle orkester og i kyrkjemusikalske samanhengar.
Dei kristne songane og salmane er noko som har alltid har vore viktig for Fremmerlid som har mange års songarbakgrunn frå SKRUK og Sunnmøre Kristelege Mannskor.
Med seg på desse konsertane har Fremmerlid med seg to av dei fremste musikarane på Sunnmøre.
Pianisten Bjørnar Myhr har vore ein viktig samarbeidspartnar for Fremmerlid i over 20 år. Myhr er ein allsidig musiker som med sitt elegante og følsame spel vil vere med på å skape nydelege musikalske stemningar. Han har og skrive nye arrangement for klaver og fiolin til desse konsertane.
Laurens Weinhold er ein ung, brilliant fiolinist frå Stavanger som til dagleg er ein del av den profesjonelle strykekvartetten i Ålesund. Han vil i tillegg til å «krydre» salmane gje oss nokre gode kvilerettar i form av vakre stykker frå fiolinrepertoaret.
Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne til ei god og hjartevarm stund. (Med god fysisk koronaavstand).
Herøy kyrkje torsdag 20. mai.
Sykkylven kyrkje søndag 23. mai. (1. Pinsedag)
Volda kyrkje mandag 24. mai. (2. Pinsedag)
Billettar 200.- ved inngangen eller på tikkio.com
Ta gjerne kontakt med Magne Fremmerlid for meir informasjon. ma-fre@online.no eller på tlf. 906 84470
