|
Skrive av Bjørn-Edvart Wanvik
|
|
fredag 28. november 2008 |
|
Midt i det tørre og grå landskapet som skrik etter regnet som skulle vore for fleire veker sidan, lyser der ein og annan blomst fra bar kvist, gule, lilla rosa og oransje. Og vi bevarer håpet om at våren kjem, det er ikkje daudt sjølv om det kan sjå slik ut. Men eg tek meg sjølv i å speide etter regnskyer kvar dag, ikkje fordi eg lengter etter regnet, men fordi det ser ut til å verte endå eit vanskeleg år for bøndene. Dei som satse på bommullsproduksjon, sit att med heile avlinga i år. Det er politisk uro her i regionen vår, ein sterk opposisjon mot regjeringa, men paradoksalt nok ser dei ikkje at det er dei sjølve som må lide. Industrien forlet området, og dei som hadde investeringsplanar, finn andre regionar. Dieselaggregata som forsyner byen med straum og vatn, har vore meir av enn på i store delar av byen siste året, o gdet er tydeleg sabotasje. Tankane har fleire gongar vorte fyllte med vatn istadenfor diesel, og motorane skjer seg. Ferskvarene i hyllene i butikkane er bytta ut med hermetikk og tørrvarer, og det er ikkje småpengar som har gått tapt for handelsstanden.
Nyhetsbrev fra Madagaskar |
|
Sist oppdatert ( mandag 08. desember 2008 )
|
|
Les meir
|