|
|
Skrive av Øystein Nerland
|
|
torsdag 17. desember 2009 |
Førjulskonsert ved Bergsøy Blandakor
Det vert Førjulskonsert v Bergsøy Blandakor søndag 20.12 kl 18
|
|
Sist oppdatert ( fredag 18. desember 2009 )
|
|
|
Skrive av Øystein Nerland
|
|
mandag 07. desember 2009 |
KRIK Juleavslutning
Då avslutter vi sesongen på Herøy Fritidsbad onsdag 09.12 kl 18. Alle nye og gamle medlemer hjerteleg velkomne. Det vert offisielt mesterskap i sklia, samt noko godt å bite i. Vel møtt!
|
|
|
Skrive av Jørgen Kopperstad
|
|
søndag 08. november 2009 |
Søndag kveld stod 22 songarar frå blandakoret "Tolvtetten" klare til å framføre songar frå forskjellige sjangrar. Med Unni Kvamme i spissen imponerte dei publikum med fleirstemde stykker på så vel engelsk som norsk.
Rundt 180 personar var å telje då koret Tolvtetten søndag kveld heldt kyrkjekonsert i Herøykatedralen. Stemningsfull belysning og fantastisk klang gjorde at publikum kunne forlate kyrkja med ei oppleving meir i dagboka. Norvald Dahl spelte piano til nokre av songane.
"Songar under himmelkvelven" var tittelen på kveldens program. Unni Kvamme kunne fortelje grunnen til dette namnet.
- Fleire av songane i programmet har ei indre betydning for fleire av songarane. Gjennom eit liv får ein gjerne fleire minne knytt til songar og salmar. Når ein då får høyre om desse, tenkjer ein gjerne på tidlegare opplevingar.
Ho seier òg at ho er like stolt som Kjetil Rekdal i kveld. - Songarane er like glade i salmar og viser som jazz og soul, dette gjer at vi kan presentere eit variert program.
Mellom nokre av innslaga var nokre av songarane framme og las tekster av m.a. Bjarne Rabben og Gerd G. Saue. Tekstane batt saman songane slik at det kom fram ein indre moral i programmet.
Då konserten var over vart koret møtt med ein slik applaus at ektranummer vart nødvendig. Songen som då kom, fekk taket i kyrkja til å heve seg med over 3,6 cm. Eit imponert publikum reiste glade heim denne kalde haustkvelden.
|
|
Sist oppdatert ( tirsdag 10. november 2009 )
|
|
|
Skrive av Jørgen Kopperstad
|
|
lørdag 07. november 2009 |
Fredag 6.11 var ein super kveld for ungdommane i fredagstreffet. God stemning og besøk frå "Rolig nå" gav kvelden eit "ungdomsleg" preg.
No når dagane blir kortare, og temperaturmålaren nærmar seg null, skulle ein tru at folk ville halde seg heime ein fredagskveld. Men i kyrkjekjellaren fredag 6.11 var det heilt tydeleg at litt mørke ikkje stoppar ungdommane i Herøy. Mange var innom dørene og fekk seg ein god prat med venner og kjente. Med pizza og bakgrunnsmusikk fekk gutar og jenter høve til å gløyme skulearbeid og andre plikter for ei stund.
Spesielt kjekt var det då "Rolig nå" med Linda Mari S. Ulvan og Feng Jiao Fu fortalte om deira meiningar når det gjeld alkohol. "Rolig nå" er ein organisasjon som jobber med å utsetje alkoholdebuten for ungdom. Linda Mari og Feng gjorde det heilt klart at ungdomane i organisasjonen ikkje har som mål å gjere ungdommen avholds, men å fortelje jamnaldringar at det ikkje hastar med alkoholen. Etter framføringa deira hadde dei ein konkurranse knytt til stoffet dei hadde snakka om. Premien var dei populære "Rolig nå" t-skjortene.
Heilt til slutt kunne dei som ønskte det bli med ungdomsarbeidar Christian Remøy opp i kyrkjesalen og tenne lys. Der fekk ein høve til å tenkje å be litt for ein som treng det.
Neste fredag vil det og vere ein del som skjer på fredagstreffet. Blant anna har Sebastian Kvalsvik Frøystad lova å halde ein liten konsert på piano. Dei aller fleste av ungdomane i Herøy kjenner Sebastian og veit om talentet hans, så vi gler oss til å høyre han.
Vel møtt!
|
|
Sist oppdatert ( lørdag 07. november 2009 )
|
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>
|
| Resultat 46 - 54 av 132 |