Du er her: Forsida arrow Nytt
Nytt
Skrive av Øystein Nerland   
mandag 30. august 2010

Jule konsert Rune Larsen m fleire

Billettar kan no kjøpast på Vestvang Libris, eller bestillast på www.taran.no

Mandag 29.november kan De gle dykk til julekonsert med Rune Larsen, Mariann Aas Hansen, Tor Endresen og Torstein Sødal kl 17.30 på kvelden. Arrangementet heiter: Stille natt Hellige Natt

 

 

Les meir

 

Julekonsert Rune Larsen m fleire

Sist oppdatert ( torsdag 28. oktober 2010 )
Les meir
 
Skrive av Øystein Nerland   
torsdag 19. august 2010

Herøy Kyrkje på tur til Golleneset

På ein dag der utstyrsleverandører av regnkle ville gni seg hendene, la Herøy kyrkjelyd turen til Golleneset. Veret kunne nok vore betre, men det såg ikkje ut til å bry over 30 frammøtte. Karoline og Marvin Kopperstad var kyrkjeverter for dagen og delte ut program ved ankomst. Det vart allsong, bøn og preike ute i Guds frie natur.

Bjørn Leinebø leda det meste, og noko av det han tok fram i preika var å vere tydelege og klare som kristne.  Ikkje late gjerningane vere i misforhold til kva vi seier. Eit godt døme var frå Madagaskar der ein muslim sa dette: Eg ser at denne Jesus betyr mykje for dykk, men eg treng hjelp til å finne han. Dette burde vere utfordringa for alle kristne, vere klare og tydelege, og villige til å yte for at fleire skal få kome til tru.

Etter gudstenesta var det tid for kyrkjekaffi.

GollenesetGollenesetGollenesetGolleneset 

Sist oppdatert ( søndag 22. august 2010 )
 
Skrive av Øystein Nerland   
tirsdag 15. juni 2010

Ut på tur

Her kjem nokre bilder frå siste tur på vasseidet. Pga noko dårleg oppslutning tek vi pause no, prøver igjen med tur til hausten. God sommar til alle!

 

 

 

Les meirVasseidetVasseidet

Ut på tur

Sist oppdatert ( søndag 24. april 2011 )
Les meir
 
Skrive av Øystein Nerland   
onsdag 09. juni 2010

Konsert Herøy Kyrkje Fredag  18.06 kl 20

Blue Horn Jazz band med Margrethe Velle Ødegård

 

Då nærmar Maritime dager seg, og Herøy Sokneråd meinte det var på sin plass med ein konsert i kyrkja også under arrangementet. Vi hadde aktuelle band utover i fjor, då leverte dei ein glitrande konsert med mykje godt gospelrepertoar. Den som ikkje var der då, har no anledning til å høyre desse eminente musikarane og solisten igjen. Dei skal og spele på laurdagen, då med gratiskonsert på utescena, men med noko kortare og anna repertoar. So kvifor skal du då betale for å høyre dei i kyrkja  tenkjer du? Det voner eg du vil. for du vil få ein flottare og lengre konsertopplevelse i kyrkja. I tillegg vil overskuddet av konserten gå til Misjonsprosjektet som Herøy Kyrkje støtter på Madagaskar. Og som ikkje det var nok, so kan du stoppe igjen på kyrkjetorget etter konserten til ein kaffikopp, og kanskje ein prat med nokon du ikkje har treft på lenge.

 

Vel møtt i Herøy Kyrkje!

Øystein Nerland

Herøy Sokneråd

 
Skrive av Jørgen Kopperstad   
lørdag 08. mai 2010

Dei komande vekene vil det vere fleire tilbod for ungdom gjennom fredagstreffet. 

 

 Det var under styremøtet i dag, fredag 7. mai at ungdommane i leiinga til fredagstreffet vart einige om fleire ungdomsrelaterte kyrkjelege tilbod dei neste vekene. Målet med dette, er å skape enda meir aktivitet rundt det kristne miljøet. Ved å gjere dette, kan fleire ungdommar lettare tørre å stå fram som kristne. Kven kan vel seia at det e kjedeleg å vera ein kristen?

 

Ein av planane er ungdomsgudsteneste 28. mai. I starten var planen å leggje denne gudstenesta til den kyrkjesalen, men ungdommane kom fram til at det vil verta ei betre stund dersom ein held gudsteneste nede i lokala til fredagstreffet i staden. Ein vil prøve å få musikarar til å spele, fleire andre underhaldningspostar er allereie i boks. Mest sannsynleg vil fredagstreffet opne seinare enn vanleg den 28. mai.

Klokka 22.00 er  det mest sannsynleg opningstid, og gudstenesta vil dermed starte rundt halv elve dersom det vert mogleg. Etter dette vil det vere nattcafé til rundt 01.00 dersom dette let seg gjere.

 

 

 

Ein anna av postane til styret, er eit litt mindre arrangement har fått datoen 4. juni. Då vil Fredagstreffet invitere inn alle 7. Klassingane, slik at dei kan kome å sjå korleis vi har det på fredagstreffet. Då håper vi at flest mogleg vil stikke innom lokalet, slik at vi kan få gi dei eit best mogleg startbilete av ungdomstilbodet. Gratis is vil stå på menyen.

 

Det som kanskje vert den største happeningen, er avslutninga til fredagstreffet. Dette prosjektet ligg heilt i startfasen enda, ingenting er sikkert. Målet er å få til ein overnattingstur anten på Flåvær eller Skorpa med grilling og gitarkos på kvelden. Hadde vi fått tak i ein andaktshaldar og kanskje nokre gjestar frå andre kretsar, vil det bli ein super tur. Hadde vore fint om vaksne kan tenkje seg å stille som "vakter" på dette opphaldet. Det vil verte over ei natt, treng helst mellom 6 og 9 vaksne som kan "følgje litt med". 

 

 

Ingenting av det som var i dette innlegget er sikkert, det vert berre publisert slik at ungdommar og foreldre kan få ei kort oversikt over kva som vil skje framover. Så hald datoane opne, og følg med vidare. 

 

Dersom det skulle vere nokre spørsmål kring denne saka, kan du kontakte Jørgen Koppperstad 

 

Mob: 41083590

 

Mail: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa.

 
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>

Resultat 37 - 45 av 132