Du er her: Forsida arrow Nytt
Nytt
Skrive av Beate Nes   
onsdag 23. februar 2011

Læring er ein sentral dimensjon ved det å vere kristen – og å vere kyrkje. Trosopplæring er eit av
Den norske kyrkjes hovudsatsingsområder. Det utviklast for tida ei systematisk trosopplæring for alle døypte mellom 0-18 år, som skal legge til rette for at barn og unge skal kunne fasthalde sin dåp og utvikle sitt forhold til trua og den kyrkja dei er ein del av.
Herøy har i mange år hatt trusopplæringsarbeid, tenk berre på alt konfirmantarbeidet, gudsteneste med utdeling av bok til 4- åringar, 1. klassingar, 3. klassingar og 5. klassingar, søndagskule og barne og ungdomsarbeid, kor osb. som drives i kommuna vår. Alt dette skal fortsette, men tilboda vil bli fleire og endå betre. Herøy har endå ikkje fått tildelt dei nye trusopplæringsmidlane, men medan ein venter på pengane, vert nokre nye spennande prosjekt prøvd ut.I januar var alle tredjeklassingane i ytre Herøy invitert til tårnagenthelg i Herøy kyrkje, og denne helga vart alle femteklassingane i Indre Herøy og Leikanger invitert til ”Lys vaken” i Leikanger kyrkje.

STØRST AV ALT- born og unge i kyrkjene våre i Herøy

Sist oppdatert ( fredag 25. februar 2011 )
Les meir
 
Skrive av Bjørg Kvalsund   
tirsdag 22. februar 2011

Det vert årsmøte som følgjer i kyrkjelydane i Herøy

 

Leikanger: 6.mars rett etter gudstenesta som startar kl. 1100

 

Indre Herøy kyrkje: 13.mars rett etter gudstenesta som startar kl. 1100

 

 

Herøy kyrkje 20.mars kl. 1700

 
Skrive av Beate Nes   
torsdag 06. januar 2011

Tårnagenthelg for 3. klassingane i kyrkjelyden

 Laurdag og søndag 29. og 30. januar 2011 inviterer vi alle 3. klassingane i landet  til å vere agentar for å løyse oppdrag og mysterium. Herøy kyrkjelyd inviterer denne helga alle 8-åringane til å vere Tårnagentar i kyrkja. Gjennom helga skal vi løyse oppdrag og mysterium og utforske kyrkja, tårnet og klokkene. Barna bur heime, men vil vere saman laurdag og søndag. Tårnagenthelga blir arrangert i mange kyrkjer i heile landet samstundes, og det kan bli så mange som 10 000 Tårnagentar til saman.

Tårnagenthelg for 3. klassingane i kyrkjelyden

Sist oppdatert ( torsdag 06. januar 2011 )
Les meir
 
Skrive av Beate Nes   
onsdag 15. desember 2010

Vi gler oss over rekordmange førjulsgudstenesterfor barnehage og skule  i år. Det vert gudstenester både måndag og tysdag.Måndag 20.12
10. 30    Adventsstund for barnehagane i Herøy kyrkje
12.00     Førjulsgudsteneste på Einedalen skule

Tysdag 21.12
09.00     Førjulsgudsteneste på Nerlandsøy skule
09.00     Førjulsgudsteneste for ytre Herøy ungdomskule i Herøy kyrkje
09.00     Førjulsgudsteneste for Stokksund og Moltu i Indre Herøy kyrkje
10.30     Førjulsgudsteneste for Bergsøy skule i Herøy kyrkje
10.30     Førjulsgudsteneste for Indre Herøy ungdomskule i Indre Herøy kyrkje

 

Sist oppdatert ( onsdag 15. desember 2010 )
 
Skrive av Terje Tjervåg   
onsdag 01. desember 2010

Søndag 12. desember vert det Førjulskonsert i Herøy kyrkje kl. 17.

Deltakarar vert Kvalsvik/Nerlandsøy skulekorps, Spelemannslaget Havella, Herøy og Ulstein Mannskor, Tolvtetten, Cervix Vocales, Runde blandakor og Herøy kyrkjekor. Desse gruppene vil framføre eit flott og rikhaldig program både kvar for seg og i samarbeid med andre. Tilhøyrarane skal få vere med og synge kjende og kjære julesongar. Det vert andakt ved Ole Brubakk.

Ekstra spanande vert det at Herøy kommune sin Kulturpris skal delast ut på denne konserten.Vi gleder oss til ein fin konsert.

Sist oppdatert ( onsdag 01. desember 2010 )
 
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>

Resultat 28 - 36 av 132