Du er her: Forsida arrow Nytt
Nytt
Skrive av Øystein Nerland   
onsdag 02. april 2008

Krik på Teigetua


Torsdag 27 mars tok vi igjen turen til Teigetuå. Klokka sju var det oppmøte ved porten, vi talte femten i antall. Etter å ha bestege toppen, som ruvar heile 268 moh, kunne kvar og ein få skrive signaturen sin i boka. Medan vi fekk i oss ”KRIK-lunsjen” haldt ein av leiarane ei kort andakt, før vi starta nedfarta. Det skulle vise seg å verte dei mest optimale forhold for kjelketuren ned igjen. Hardpakka snø i vegen og stjerneklart! Nokre tok på hjelm for sikkerheits skyld, medan andre tok sjansen utan. Her var det ”førstemann til mølla” – prinsippet som gjaldt, i alle fall for nokre. Etter kvart som farta auka, og modigheita vaks, skulle det verte vanskelegare å halde svingane. Nokre hamna i det kvite element, men humøret vart ikkje forverra av den grunn. Rett og slett ein Flott tur!!!

Neste utfart vert torsdag 17 april, så ein kan allereie no sette av denne datoen. Kvar turen går då er ikkje heilt bestemt, nærmare info kjem i avisa tysdagen før.

Marvin og Øystein

 

 krik på turkrik på tur

Sist oppdatert ( onsdag 02. april 2008 )
 
Skrive av Øystein Nerland   
onsdag 02. april 2008

KRIK på Teigetua

RIK Herøy

 

Torsdag 27 mars tok vi igjen turen til Teigetuå. Klokka sju var det oppmøte ved porten, vi talte femten i antall. Etter å ha bestege toppen, som ruvar heile 268 moh, kunne kvar og ein få skrive signaturen sin i boka. Medan vi fekk i oss ”KRIK-lunsjen” haldt ein av leiarane ei kort andakt, før vi starta nedfarta. Det skulle vise seg å verte dei mest optimale forhold for kjelketuren ned igjen. Hardpakka snø i vegen og stjerneklart! Nokre tok på hjelm for sikkerheits skyld, medan andre tok sjansen utan. Her var det ”førstemann til mølla” – prinsippet som gjaldt, i alle fall for nokre. Etter kvart som farta auka, og modigheita vaks, skulle det verte vanskelegare å halde svingane. Nokre hamna i det kvite element, men humøret vart ikkje forverra av den grunn. Rett og slett ein Flott tur!!!

Neste utfart vert torsdag 17 april, så ein kan allereie no sette av denne datoen. Kvar turen går då er ikkje heilt bestemt, nærmare info kjem i avisa tysdagen før.

 

Marvin og Øystein

 

 

 
Skrive av Øystein Nerland   
lørdag 29. mars 2008

Ytre Suløen og Tricia Boutee i Herøy Kyrkje

 

Ytre Suløen og Tricia Boutee i Herøy Kyrkje.

 

Då var kvelden komen og publikum fekk igjen oppleve imponerande soloprestasjoner og nydeleg samspel etter ein god ettermiddagslunsj frå Madelynn. Ytre Suløene hadde denne gang med eindel av repertoaret som kjem på Moldejazz til sommaren med Mahalia Jackson. På repertoaret stod og Just a closer, Put your hand, Fly away, Glory glory, Lord do not move that mountain osv osv. På den sistnevnde fekk vi høyre toner frå ein bass som rett og slett var av ei anna verd. Vi fekk og som vanleg imponerande soloprestasjoner av dei andre aktørane, ja det var ei retteleg feststund. Tricia Boutee var som vanleg imponerande med si stemmeprakt og dei vel 140 frammøtte var storleg fornøgd. Etterpå serverte Herøy Sokneråd kaffi og kaker på torget

suløensuløensuløensuløensuløen

 

Sist oppdatert ( søndag 30. mars 2008 )
 
Skrive av Beate Nes   
fredag 14. mars 2008

"Hvorfor valgte du en eselfole Jesus?
du kunne i det minste valgt en hest.
Du gjorde deg så ussel og så liten,
mens folkemengden ville lage fest.

GOD PÅSKE!

Les meir
 
Skrive av Beate Nes   
fredag 14. mars 2008

Les meir

Nesten 70 foreldre var samla til møte i kyrkjelydsalen torsdag kvelden. Temaet var konfirmasjonsdagen. Beate Kateket ønska velkomen og fortalte litt om konfirmantanes forventning til dagen.

 

Konfirmasjonsdagen som tema på foreldremøte.

Sist oppdatert ( fredag 14. mars 2008 )
Les meir
 
<< Start < Forrige 11 12 13 14 15 Neste > Siste >>

Resultat 91 - 99 av 132