|
Skrive av Øystein Nerland
|
|
mandag 01. september 2008 |
Kyrkjelydsmøte
Herøy Sokneråd innviterer til Kyrkjelydsmøte i Herøy kyrkje tirsdag 16.09.08 kl 20.00. Prost Evy Kvamsdal kjem utover og presenterer det andre synet i læremnemda sitt syn på homofili. I tillegg vil Jens vere der slik at ein kan stille spørsmål til han. Alle vel møtt!
|
|
Sist oppdatert ( onsdag 03. september 2008 )
|
|
|
Skrive av Øystein Nerland
|
|
mandag 01. september 2008 |
Remøykammen
Her kjem bilde frå årets siste ut på tur. Takk for mange flotte turer i sommer, kanskje vi kjem tilbake til nokre spontanturer i haust!

|
|
|
Skrive av Beate Nes
|
|
tirsdag 26. august 2008 |
|
KVA VIL DET EIGENTLEG SEIE Å VERE KONFIRMANT?
Det vil sei at:
· Du er ein del av ei konfirmantgruppe som er ein viktig del av kyrkjelyden.
· Du møter menneske som verkeleg trur at Jesus lever i dag.
· Du skal lytte, lære, gjere og oppleve.
· Du går på gudstenester og kanskje får du også oppgåver i ein eller fleire av dei.
· Du gir trua ein sjanse til å spire og gro. Her er det plass for tru og tvil, og saman kjem vi kanskje eit stykke vidare.
· Å la nokon be for deg på konfirmasjonssøndagen
· Å vere positiv og engasjert i konfirmasjonstida.
Ynskjer du dette, trur eg du vil få ei spennande konfirmasjonstid.
Fyll ut slippen og send den til kyrkjekontoret så
snart du kan!
Konfirmantpåmelding!! |
|
Sist oppdatert ( torsdag 04. juni 2009 )
|
|
Les meir
|
| |
|
|
Skrive av Beate Nes
|
|
onsdag 11. juni 2008 |
|
Kristen tru, tradisjon og kultur til barn og unge. IKO-Forlaget AS set barn og unge i fokus. Forlaget gir ut bøker og materiell for barn og unge og om barn og unge.

Bibelforteljingane og kristen tradisjon og kultur ligg til grunn for arbeidet i forlaget. Det kjem til uttrykk i m.a. bøker, cd-ar, tøyprodukt, spel, plakatar og ressursmateriel. Produkta skal bidra til kunnskap, kjennskap og gode opplevingar. Dei skal opne for mysteria og gi rom for livet og dei vanskelege spørsmåla.
Kyrkjekontoret har eit abonnement hos IKO, så mange av bøkene finnes på kyrkjekontoret. Nokre av bøkene er utstilt i gangen på kyrkjekontoret. Kom gjerne innom for ein titt.
Bøker frå IKO |
|
Sist oppdatert ( onsdag 11. juni 2008 )
|
|
Les meir
|
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>
|
| Resultat 82 - 90 av 132 |