Du er her: Forsida arrow Nytt
Nytt
Skrive av Bjørg Kvalsund   
tirsdag 24. januar 2012

Kyrkjebasar

Herøy kyrkjeforeining har starta planlegginga av årets basar. Basaren vert i kyrkja laurdag 3.mars.

 

Dei komande vekene vil vi gå gundt i by og bygd med loddbøker. På basaren vert det sal av tombola, åra og lynlodd. Pengane som vi samlar inn på basaren vil vi bruke på arbeidet i kyrkja. Barne- og ungdomsarbeidet i kyrkjelyden vår ser vi på som ei viktig oppgåve, og vi håper vi kan vere med å støtte det også komande år. Inntektene frå basaren har vore viktige bidra til å kunne løne ein ungdomsarbeidar.

Vi har og gitt støtte til misjonsprosjekt.

 

Kyrkjeforeininga, som står som arrangør av basaren, har tidlegare opplevd stor givarglede både når det gjeld å gi gevinstar og til å kjøpe lodd på basaren. Vi håper også at det til denne basaren er mange som har høve til å gi gevinstar til loddbøkene, åresalet eller tombola. Du som ynskjer å gi gevinstar kan ta kontakt med kyrkjekontoret. Vi håper på god oppslutnad frå bygd og by til Kyrkjebasaren 2012. Vi er takksame for all støtte.

 

Herøy kyrkjeforening

 
Skrive av Beate Nes   
fredag 16. desember 2011
Bergsøy barnehage sto for det flotte programinnslaget under dagens adventsstund for barnehagane.
img_1666.jpg
Sist oppdatert ( fredag 16. desember 2011 )
 
Skrive av Beate Nes   
fredag 02. desember 2011

Lys Våken Informasjon

Les meir
 
Skrive av Øystein Nerland   
torsdag 01. desember 2011

KRIK Villmark, Juletrehogst

 

Då nærmar jula seg, vi har snart 3. søndag i advent, og kanskje juletrehogst med kaffikos hadde vore noko?  Vi har fått løyve til å hogge i skogen til Magnar Myrene i Myrvåg, felles avreise frå kyrkja søndag 11.12. kl 13.30. Ta med hengar eller takgrind, litt dumt å slepe treet etter bilen! Pris pr tre er kr 200 , ta med kontanter.

 

Viss De synest det er for tidleg å felle treet, kan De merke det og  hogge det nærmare jul. Ta med kaffi, kaker og mandariner, og ver med på ein koseleg førhjulstradisjon. Turen passer for alle aldersgrupper. Du er hjarteleg velkomen!

 
Skrive av Beate Nes   
mandag 28. november 2011
Kyrkjekontoret har problem med mailen i dag. Vi jobbar med saken!

Prøver du å melde deg på til Lys vaken? Då kan du sende mail til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadressar. Du må aktivera javascript for å kunne sjå adressa.
Vi utsett påmeldingsfristen til tysdag.

 
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>

Resultat 1 - 9 av 132