Norunn Kirkebø Elde har vore kommunelege i Ulstein i over 30 år, og ho får svært gode skussmål frå pasientane. Ho er også ein dugande leiar i Ulstein sokneråd. Og ho reserverer seg ikkje i møte med abortsøkjande kvinner. ” Eg ønskjer å vere tilgjengeleg for kvinner i samtale om alle spørsmål i livet, også abort. Eg vil møte dei på deira eigne premissar”, seier ho midt oppi mediegnyet om reservasjonsrett og abortlov.
Komande søndag er ho gjest i Herøy kyrkje under kveldsmessa. Der vil ho fortelje om kvardagen sin både som lege, som soknerådsleiar, som mor og som bestemor. Og ho vil snakke om samvit, abort og reservasjon. Paul Sundnes leier samtalen.
Sande Kantori er musikalske gjester i kveldsmessa. Det er eit blandakor leia av Andrea Illgen-Syré og dei har øvingane sine i kyrkja på Larsnes.
Kantor Dag Johan Flattun er organist, og det siste kvarteret før kveldsmessa tek til vi han gi dei frammøtte ein liten minikonsert frå orgelkrakken. Bjørn Leinebø er liturg, og Gunnar Sævik leier kveldsmessa.