Laurdag 31.05 vitjar Bøen/Fiskaaen Duo Herøy kyrkje for andre gong. Her vert det mellom anna høve til å høyre ei fyrsteframføring i Noreg (etter det utøvar og arrangør kjenner til) av Astor Piazzolla sitt verk Las Cuatro Estaciones Porteñasarrangert for fløyte og gitarduo. Las Cuatro Estaciones Porteñas, Dei fire årstider på norsk, er den argentinske tangokomponiste Astor Piazzolla sin freistnad på å skildre dei fire årstidene i heimbyen sin Buenos Aires. Arrangmentet er gjort av den Brasilianske meistergitaristen Sergio Assad, som på overtygande vis har klart å overføre lydbilete av Piazzolla sin eigen tangokvintett (bandeneon, fiolin ,kontrabass, piano og gitar) til fløyte/gitarduoformatet. Publikum kan vente seg musikk med eit valdsamt rytmisk driv og virtousitet, men og med dvelande og melankolske melodiar/tema.
Ellers kan konserten by på Bela Bartok sine Seks rumenske folkedansar, og Luigi Legnani sin Gran Duetto Concertante. Her får ein høyre både eksotiske og austlege melodiar hjå Bartok, og italiensk virtouseri frå Legnani, som var kjend som gitaren sin Nicolo Paganini.
Velkomen til ei variert og underhaldande musikalsk stund i Herøy kyrkje.