Home » Nobelprisvinnar May-Britt Moser til Herøy kyrkje

Nobelprisvinnar May-Britt Moser til Herøy kyrkje

maybritt

Herøy kyrkje har aldri før hatt besøk av ein Nobelpris-vinnar. Nå skjer det! May-Britt Moser er samtalegjest i kveldsmessa  søndag 23. November. May-Britt er fosnavågjenta som fekk Nobelprisen i medisin saman med mannen sin, Edvard, frå Hareid. Ho har hatt eit voldsomt mediekjør etter at tildelinga vart kjend, og svært mange vil ha tak i henne. Men oppi alt styret har ho slett ikkje gløymt ”sin barndoms våg”. Ho svarte ja på strak arm då ho fekk invitasjonen, og ho seier ho gler seg til å komme heim. Henry Steinsvik, skipsingeniør, speidarleiar, hobbybonde og mannskorsongar m.m., skal leie samtalen.

 

Som musikalske gjester kjem Bergsøykvartetten. To par med strålande songrøyster, Unni Kvamme/Bjørn Holum og Sølvi Nerem/Øyvind Granden Berg har gått saman og etablert ein kvartett som held høg kvalitet.

 

Fungerande sokneprest Bjørn Leinebø er liturg, og kantor Dag Johan Flattun sit ved orgelet. Norunn Stendal Aksnes leier kveldsmessa.

 

Kveldsmessenemnda ser fram til ein svært spennande kveld, og folk blir bedne om å vere tidleg ute. Eit kvarter på førehand blir det salmeøving, for å få til rungande salmesong under messa, med kjende melodiar, og kanskje ein eller to nyare salmar frå den nye salmeboka.