Home » MORTEN SAMUELSEN MED SALMEKVELD I HERØY KYRKJE LAURDAG 06.10

MORTEN SAMUELSEN MED SALMEKVELD I HERØY KYRKJE LAURDAG 06.10

Morten Samuelsen er kjend for mange i Herøy etter at han hadde salmekveld på Nerlandsøy bedehus, og no får fleire høve til å vere med på salmekveld med han.

Samuelsen har med si sereigne, varme stemme og si unike formidlingsevne nådd mange hjarter med songen sin. Han har sunge sidan han var 8 år og vore med på fleire cd-produksjonar i grupper og som solist og i 2011 kom han ut med sin første solo-cd.

Våren deltok han 2015 på Norske talenter der han rørte heile kongeriket med m.a. songen «Bring him home» frå «Les miserable»

Dei to siste åra har han reist rundt i heile landet med sin eigen salmekonsert «Med salmar i sentrum» og laurdag kjem han til Herøy kyrkje med denne salmekonserten. Med konserten «Med salmer i sentrum» ynskjer Morten Samuelsen å ta med publikum inn ei salmereise i litt forskjellig type salmesjangre. I tillegg til kjende og kjære songar frå både salmebok og songbok, framfører han også sjølvskrivne songar. Med bakgrunnshistorier gir han publikum innblikk i kvifor disse songane vart skrivne og litt om det å vere kristen i kvardagen.

Alle er hjarteleg velkomne til ein kjekk salmekveld.

Arrangementet er gratis men det vert teke opp kollekt for å dekke utgiftene med arrangementet.