Home » LYSMESSER 27.11

LYSMESSER 27.11

lysmesseDå er vi snart klar for eit av høgdepunkta i konfirmantsamanheng, nemlig lysmesse!

Det er ei stemningsfull og fin gudsteneste der konfirmantane deltek. Det er mørkt ute, og kyrkjerommet lyses opp av stearinlys. Vi synast det er ein god måte å starte adventstida på.

Først ut er Indre Herøy og Leikanger sokn sine konfirmantar med lysmesse i Indre Herøy kyrkje søndag ettermiddag kl. 16.00. der konfirmantane møter kl.14.00 for å øve.

Konfirmantane i ytre har sin lysmesse i Herøy kyrkje søndag kveld kl. 18.00. Konfirmantane møter klokka 17.15 for å finne seg ei konfirmantkappe og for å ta ei siste øving. Vi håpar å sjå deg på lysmessene våre!