Home » Lysmesser

Lysmesser

LYSMESSER 29.11.20
Søndag er vi klare for eitt av høgdepunkta i konfirmantsamanheng, og for mange andre også, nemleg lysmesse!
Det er ei stemningsfull og fin gudsteneste der konfirmantane deltek. Vi får også song v/Frida Eksund. Denne gongen vert lysmessa ute, på Herøy Amfi ved Herøy Gard, slik at vi kan vere fleire samla. Fyrst ut søndag ettermiddag er Indre Herøy og Leikanger sokn sine konfirmantar kl 17.30. Etterpå er det lysmesse for konfirmantane i Herøy sokn, kl 19.00. Vi håpar å sjå deg på ei av lysmessene våre! Grensa ute er på 200, og det vert registrering ved porten. Hugs å halde 1 m avstand til andre. Ta elles med lommelykt eller hovudlykt, sitjeunderlag og antibac. Toaletta nede ved porten vil vere opne. Velkomne!