Home » LOVSONGSKVELD

LOVSONGSKVELD

Stikkord for «Smak av lovsong» Sjøborg 12. juni:
– LaKris
– Ord
– Volum
– Solistar
– Organisering
– Nærheit
– Gud
– Shackles
– Kollekt
– Vennskap
– Einskap
– Lydopptak
– Dans

Den observante og poetisk innstilte oppdaga kanskje at stikkorda ovanfor danna akronymet LOVSONGSKVELD med fyrstebokstavane. Og det er det dette handlar om: «Smak av Lovsong» på Sjøborg 12. juni kl.16:00.

LaKris er ei jentegruppe frå Ulsteinvik som vil synge den kvelden
Ord For Kvelden – det blir ei lita miniandakt.
Volumet blir middels høgt med fullt band.
Solistar blir det i fleng, både unge og litt eldre.
Organiseringa er godt i gang.
Nærheit til Gud er viktig ein slik kveld.
Gud er fokus og mottakar.
Shackles skal framførast av «Rolfen» og Gurskøy Soul Children.
Kollekt blir gjennomført slik at det er gratis å kome inn for alle.
Vennskap blir byggt mellom deltakarane og tilhøyrarane
Einskap betyr at vi finn saman om det vi trur på
Lydopptak skal bli gjort av heile kvelden, saman med filmopptak
Dans er å forvente når Gurskøy Soul Children ungdomane framfører

Fleire stikkord? Kva med: kor – glede – ungdom – allsong – Jesus – tverrkyrkjeleg – kristen – takknemlig?

Det skjer 12. juni kl.16:00 på Sjøborg. Heile familien er hjartelig velkomen!

Vi gler oss. Kjem du?

LKkomitéen
(IverOlaf
Grimstad, mobil: 412 33 955)

Gursk Soul