Der er ledig 60 % stilling som kyrkjetenar/klokkar med for tida Indre Herøy kyrkje/Leikanger kyrkje som tenestestad frå 27.09.23. Stillinga er samansett av 10 % klokkar og 20 % kyrkjetenar i Indre Herøy kyrkje og 10 % klokkar og 20 % kyrkjetenar i Leikanger kyrkje. Det er mogleg å søkje stillinga under eitt slik at ein kan vere klokkar/kyrkjetenar i begge kyrkjene (60 % stilling) eller ein kan søkje delar av stillinga. Stillingane let seg kombinere med anna arbeid.
Det er utarbeidd stillingsskildring både for kyrkjetenar og klokkar. Opplæring vert gitt.
Søkjar må ha sertifikat og disponere bil og kunne uttrykkje seg på norsk både skriftleg og munnleg. Ein del arbeid skjer på kveld og helg. Den som vert tilsett må vere medlem i Den norske kyrkje.
Arbeidstid, løn og pensjon etter gjeldande tariff. Spørsmål kan rettast til kyrkjekontoret tlf 70080260 eller kyrkjeverje Olaus-Jon Kopperstad, mobil 95131204.
Søknad med CV vert å sende innan 20.08.23 i til kyrkjekontoret@heroy-kyrkje.no
Olaus-Jon Kopperstad, kyrkjeverje, 95131204