Home » Dåp

Dåp

«For digital påmelding:

https://minkirkeside.no/heroy

 

Velg sokn, og de ser Gudstenestane i den aktuelle kyrkja.

Vi kontaktar dykk for å gjere avtale om dåpssamtale.»

 

Det skjer et under i kirken
større enn verden vet.
Barnet får del i Guds rike,
svøpt i hans kjærlighet.

(Frå ”Det skjer et under i verden”, Gerd Grønvold Saue, S97 93)

Det er dåp. Namna til to små barn i kvite dåpskjolar vert nemnd for første gong i kyrkjerommet. Presten gjer korsteikn og auser vatn over hovudet til dei som vert døypte. I Den norske kyrkja vert dei fleste døypte som spedbarn, ofte i løpet av dei første tre månadene, men det er inga aldersgrense for dåp. Konfirmasjonstida fører kvart år til at mange unge ønskjer dåp. Dei døypte vert automatisk medlemmer i det kyrkjesamfunnet der dei vert døypte. Samstundes vert dei del av ein større fellesskap med alle døypte – den universelle kyrkja.

Dåpen har tradisjonar heilt tilbake til urkyrkja. I Noreg står tradisjonen framleis sterkt. I 2012 vart det døypt 38 357  personar. Det gir ein dåpsprosent på 63,7 av årskullet.