KVELDSMESSE: Rune Sjurgard og «Bjørn og Fred»
i Herøy kyrkje søndag kveld.
Rune Sjurgard kjem “heim” til Herøy søndag kveld kl. 19.00. Han er invitert som samtalegjest i kveldsmessa i Herøy kyrkje, og han seier han gler seg. Sjurgard, som no er rådmann i Volda, var rådmann i Herøy i over 10 år. Då skaffa han seg eit svært godt rykte. Og framleis snakkar folk i Herøy svært fint om han Sjurgard! Johan Moltu skal leie samtalen. Rune Sjurgard er også ein habil musikar, og han har lova å ta med seg toradaren sin til kyrkje søndag.
Radarparet “Bjørn og Fred” stiller med song og musikk på kveldsmessa. Bjørn Prytz, den tidlegare skulesjefen i Herøy, har saman med Vestlandsnytt-sjef Fred Frantzen skaffa seg svært mange fans i distriktet med songen og musikken sin, og søndag kveld bidreg dei i Herøy kyrkje.
Alette Teige er møteleiar, Bjørn Leinebø er liturg og Dag Johan Flattun sit ved orgelet. Eit kvarter før kveldsmessa tek til, vert det salmeøving leia av seks forsongarar frå galleriet. Og kyrkjekaffien etterpå brukar å vere populær.