Home » Kveldsmesse søndag 30.01

Kveldsmesse søndag 30.01

Spennande samtale i kveldsmessa søndag

Sjefen på Herøy Rådhus, kommunedirektør Trond Arne Aglen, er gjest i Herøy kyrkje komande søndag kveld. Norunn Stendal Aksnes og Johan Moltu inviterer til samtale, og dei lovar ein spennande prat med denne trønderen som alle snakkar så vel om.Kommunedirektøren har stor innflytelse på kva som skjer i Herøy, og vi vil gjerne vite korleis han tenkjer, og korleis han handlar. Og så vil vi vite om det er han eller ordføraren som eigentleg bestemmer på rådhuset, seier Johan.

Norunn vil gjerne vite korleis han stiller seg til kyrkja:

Kommunedirektøren sit på pengesekken og kan påverke løyvingane til kyrkja. Då betyr det litt kva tankar han har om kyrkja sin posisjon og rolle i Herøy. Og så vil vi gjerne vite korleis han greidde å løyse gravplassproblema i Flusund.
Johan og Norunn er opptekne av at kveldsmessesamtalen skal vere til oppbygging, men dei tykkjer ein komunedirektør også må tole nokre nærgåande spørsmål.
Ann-Kristin Frantsen er for tida vikar for organisten i Herøy kyrkje, rett nok på piano, og ho bidreg med fleire songinnslag i kveldsmessa. Solfrid Leinebø Seljås er liturg, Alette Teige er kveldsmessevert, og på galleriet står forsongargruppa.
Smittevernet er ikkje avlyst, men med litt disiplin lovar kyrkjekontoret at dei som møter, skal få plass i kyrkjerommet. Kyrkjekaffi vert det også.