Irene Krokeide Alnes kjem til Herøy søndag kveld. Ho er invitert som samtalegjest
i kveldsmessa i Herøy kyrkje. Irene Krokeide Alnes er eine halvparten av “Marit og Irene”, songduoen som har tråla bedehus-Norge i over 40 år. Saman med Marit Stokken har Irene reist som songevangelist for Indremisjonsforbundet, og store deler av det lågkyrkjelege kristenfolket i Norge kjenner stemmen hennar enten frå møter på bedehuset eller frå dei utallige platene og CD-ane ho har gjeve ut saman med Marit Stokken. Søndag kjem ho til å ha med seg gitaren og syngje litt frå eit rikhaldig repertoar.
Irene Krokeide Alnes bur i dag på Godøya. Den “nytildelte” kulturprisvinnaren i Herøy, Paul Sundnes, skal leie samtalen i kveldsmessa.
Trond Espeseth bidrar med song i kveldsmessa akkompagnert av Dag Johan Flattun.
Gunnar Sævik leier kveldsmessa, Bjørn Leinebø er liturg og Dag Johan Flattun sit ved orgelet. Eit kvarter før kveldsmessa tek til, vert det salmeøving leia av seks forsongarar frå galleriet. Og kyrkjekaffien etterpå brukar å vere populær.