Dagfinn Høybråten frå Kirkens Nødhjelp er gjest i kveldsmessa i Herøy kyrkje komande søndag. Han skulle vore gjest like før påske under bøsseaksjonen til Kirkens Nødhjelp, men då sette koronapandemien ein stoppar for besøket.Alette Teige skal leie samtalen med Høybråten, og ho lovar å spørje både om korleis det er å være ”røykelovens far”, å vere generalsekretær i Kirkens Nødhjelp og å vere herøyværingen Elias Berge sin etterfølgjar.Leikong Blandakor deltek med song, med dirigent Kjetil Eiksund. Koret på Leikong har i mange år markert seg som eit kvalitetskor med ambisiøse satsingar og populære konsertar.Det blir ofring til Kirkens Nødhjelp i kveldsmessa, og på kyrkjekaffien etter vil det bli ei forseinka «10-år-med-kveldsmesser»-markering med stor jubileumskake.
