Ei reflektert og spennande dame og eit damekor med suksess stiller opp i kveldsmessa i Herøy kyrkje søndag. Johan Moltu skal leie samtalen med Ann-Helen Nordbø. Han er nysgjerrig på ei firebarns-mor som har vore misjonær og som lever eit skikkeleg kristelegsinna liv. Korleis er det å tru slik ho trur? Korleis ber ho når ho ber? Får ho bønesvar? Kva får ei småbarnsmor til å reise halve jorda rundt for å få andre til å tru? Og midt oppi karikaturstrid og terror; korleis er det å oppleve at gudstrua blir håna?
Cervix Vocales har etablert seg som eit ettertrakta damekor, og møter som alltid svært godt budde. Dei og dirigenten, Øyvind Granden Berg, har dessutan lova å bidra til å løfte salmesongen.
Og søndag kveld blir det kyrkjekaffi i dei splitter nye lokala i underetasjen i Herøy kyrkje.
Bilettekstar:
1) Ann-Helen Nordbø blir utfordra til å fortelje korleis det er å tru i kveldsmessa søndag.
2) Johan Moltu er nyssgjerrig på gudstrua til ei kvinne midt i livet når han leier samtalen i Herøy kyrkje søndag.
3) Tolv år etter starten har Cervix Vocales blitt eit etterspurt damekor, og dei stiller som musikalske gjester søndag kveld.