Home » KVELDSMESSE

KVELDSMESSE

KVELDSMESSE med Arne Sandnes og Sigvald Leine m.fl. 19.sept.Arne Sandnes er gjest i kveldsmessa i Herøy kyrkje komande søndag, kl 19.00. Sandnes er den tidlegare heradsagronomen med røter i Sævikane som reiste heim til Nordal. Han har vore ein profilert ordførar i Nordal i ei årrekke, han har vore naudhjelpsarbeidar i Afrika, han har arbeidd for kloster i Valldal og vore sjømann og jordbærbonde og er framleis «still going» i mange samanhengar. Sigvald Leine skal leie samtalen med Arne Sandnes, og vi trur det vert ein spanande samtale med ein svært ressurssterk mann som har hatt eit mangslunge liv, med både oppturar og nedturar.Etter over eitt års «coronapause» er kveldsmessene i Herøy kyrkje tilbake. Kveldsmessenemnda håper at dei nå kan halde fram med ei kveldsmesse i månaden. Denne gongen er det Bergsøy blandakor som er musikalske gjestar, Jens Terje Johnsen er kveldsmessevert, vikarprest Leidulv Grimstad er liturg og vil halde ein kort apell over søndagens preiketekst. Ved orgelet sit organist Dag Johan Flattun. Det blir allsong av gode salmar og det vert feira nattverd ved fleire stasjonar i kyrkja. Vi har heldigvis ei stor kyrkje der vi kan samle folk smittevenleg, både i sjølve kyrkjerommet og på det store galleriet. Alle er velkomen til kveldsmesse på søndag, og etterpå kan du få deg ein prat over ein kaffekopp på kyrkjetorget, i kyrkjelydssalen eller tilstøytande rom. Søndag føremiddag kl 11.00 er det gudsteneste i Leikanger kyrkje med tre dåpsbarn. Vel møtt – til begge gudstenestene i Herøy på søndag 19.september!