Home » KVELDSMESSE 30.04 Kl. 19.00

KVELDSMESSE 30.04 Kl. 19.00

FRÅ VOLDA MED LUTHER
i Herøy kyrkje søndag kveld.

Reformasjonsjubileet og Martin Luther er i fokus i kveldsmessa i Herøy kyrkje komande søndag. Jan Ove Ulstein og Birger Løvlie skal samtale om kva Luther gjorde og sa for 500 år sidan, og kvifor dette førde til at reformasjonen vart ein milepel for den kristne kyrkja. Ulstein og Løvlie er begge teologar som har undervist på Høgskulen i Volda i ei årrekkje (og begge har sterke band til Herøy gjennom konene sine!).

Songkreftene i kveldsmessa kjem også frå Volda. Volda kyrkjekor med Bert Handrick som dirigent og Volda Vokal med Magnar Åm som leiar har samarbeidd om eit musikalsk opplegg i samband med reformasjonsjubileet. Søndag kveld presenterer dei deler av dette programmet i Herøy kyrkje.

Alette Teige er møteleiar, Sjur Sæther er liturg og Dag Johan Flattun sit ved orgelet. Eit kvarter før kveldsmessa tek til, vert det salmeøving leia av seks forsongarar frå galleriet. Og kyrkjekaffien etterpå brukar å vere populær.