Home » Kveldsmesse

Kveldsmesse

Karsten Warholm og Johnny Cash i kulissane i Herøy kyrkje søndag kveld

 

Karsten Warholm og Johnny Cash lurer i kulissane i Herøy kyrkje komande søndag kveld. Ingen av dei er til stades, men dei har gode ambassadørar.

 

Trond Berg frå Ulsteinvik er samtalegjest i kveldsmessa. Han er leiar i Dimna Idrettslag, og han frydar seg over suksessen til Dimna-løparen Karsten. I samtale med Øystein Nerland gjer han seg m.a. tankar om kva som er viktig for å gi ungdom gode haldningar. Trond Berg er til dagleg personalsjef i Ulstein Power & Control, og var tidlegare rektor på Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik.

 

Sindre Løvik er fasinert av Johnny Cash sine tekstar og melodiar, og har presentert dei i fleire populære Johnny Cash-messer i kyrkjene på Sunnmøre. ”Eg snudde aldri ryggen til Gud” sa Cash i eit av dei siste intervjua før han døydde. Søndag stiller Sindre Løvik opp med gitaren i Herøy kyrkje. Sindre Løvik bur i Volda og praktiserer m.a. som prestevikar. I herøyprestane sitt fråvær er han også liturg i kveldsmessa denne gongen.

 

Salmesongen er framleis sentral i kveldsmessene. Salmeøving eit kvarter før kveldsmessa tek til og ei forsongargruppe på galleriet skal bidra til god allsong. Ved orgelet sit Dag Johan Flattun og Gunnar Sævik leier kveldsmessa.